Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er du i eit ekkokammer?

Ekko er ein lyd som blir kasta tilbake når han treffer ei hard overflate. Omgrepet blir òg brukt om ytringar som blir repeterte.
Ei boble omsluttar ein person framfor ein datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Del 1

Kva forbind du med omgrepet ekkokammer? Søk opp definisjonen i ei ordbok og sjå filmen over.

  • Tilhøyrer du eit ekkokammer? Sjå nærare på kva personar og grupper du følgjer i sosiale medium, og kva nettsider du hentar informasjon frå. Meiner alle det same, eller møter du på meiningar og haldningar du er heilt ueinig i?

  • Eit anna omgrep er filterboble. Finn ut kva som ligg i omgrepet og samanlikn det med omgrepet ekkokammer.

Del 2

  • Algoritmar, ekkokammer og falske nyheiter blir nemnde som nokre av dei største truslane mot demokratiet i dag. Kva er årsaka til det?

Del 3

Korleis blir hatefulle ytringar mottekne om det retoriske publikummet ikkje er ein del av eit ekkokammer? Det skal du utforske ved å sjå ein dokumentar om journalist Ludvig Løkholm Lewin. Han overraskar vener og familie med å bli islamfiendtleg. Det dei ikkje veit, er at det heile er eit eksperiment.

Sjå dokumentaren Ekkokammeret

  1. Formuler det de meiner er formålet med NRK-dokumentaren.

  2. Programleiaren er i samtale med fleire vener som ikkje tilhøyrer ekkokammeret hans. Korleis reagerer dei på ordbruken hans? Bruk gjerne omgrep som den retoriske situasjonen og aptum.

  3. Kva for ord bruker programleiaren som vener og familie reagerer på? Kvifor trur du dei reagerer på akkurat desse?

  4. Korleis trur du reaksjonane hadde vore om programleiaren hadde brukt dei same orda i eit islamfiendtleg ekkokammer? Bruk omgrep frå retorikken i forklaringa di.

  5. Korleis viser dokumentaren at du bør reagere om nokon du kjenner er i ferd med å få ekstremistiske haldningar?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Ver kritisk!