Hopp til innhald

Fagstoff

Å utforske og analysere tekstar

Tekstar er ein viktig del av både privatliv, arbeidsliv og samfunnsliv og er med på å spegle og forme kulturen dei oppstår i. Korleis kan du bruke kunnskap om tekst, kommunikasjon og kultur i arbeidet med tekstar?
Skjermdump av Facebook-sida til Sylvi Listhaug. Det øvste innlegget viser eit bilete av maskerte framandkrigarar og teksten «Ap mener at terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge


I dagens røyndom er vi omgitt av tekstar. Tekstar blir ikkje berre brukte til å overføre kunnskap, dei blir òg brukte til å skape relasjonar og identitetar, formidle kjensler, overtyde og manipulere. Tekstar kan støtte opp under eller rive ned maktposisjonar, og dei kan gjere usynlege grupper synlege, eller omvendt.

Her skal vi sjå på korleis du kan trekkje inn kunnskap om medium, kommunikasjon og kultur for å utforske innhaldet i tekstar, form og kontekst.

Når du arbeider med tekst på denne måten, er det er viktig at du bruker døme frå teksten og gir ei forklaring på kva dømet viser. Kva konsekvens har faktoren du peikar på? Du ser døme på korleis dette kan gjerast, under kvart punkt med utgangspunkt i Facebook-innlegget øvst på sida her.

Kva er tema, føremål og bodskap i teksten?

Det er lurt å byrje med å sjå på kva som er målet og meininga med teksten. Då kan du sjå dei andre spørsmåla i utforskinga i lys av dette, og det kan hjelpe deg med å sile ut kva som er relevant. Etter første overblikk er det lurt å stille seg desse spørsmåla:

Kva slags tema tek teksten for seg? Kva trur du at avsendaren vil oppnå eller seie med denne teksten?

Kva er tema, føremål og bodskap i dømet vårt?

I dømet vårt er temaet Arbeidarpartiets standpunkt til eit lovforslag som skulle gjere det lettare å inndra pass og statsborgarskap.

Bodskapen er at Arbeidarpartiet med dette prioriterer terroristar sine rettar framfor nasjonens sikkerheit.

Føremålet med teksten er å oppmode til motstand mot, og kanskje fælske over, politikken til Arbeidarpartiet.

Det er mogleg at du vil svare annleis på desse spørsmåla når du er ferdig med arbeidet med teksten, fordi du som mottakar er aktivt med og skaper meining av teksten. Når du får ny informasjon og kunnskap gjennom utforskinga, påverkar det korleis du skaper meining av teksten. Då kan det vere fint å avslutte utforskinga med å reflektere over kva det er som gjer at du no tolkar tema og bodskap annleis.

Kva er situasjonskonteksten?

For å forstå kva teksten vil seie, er det alltid lurt å sjå på avsendar, mottakar og kanal, og å bruke kunnskap om kommunikasjon for å utforske dette. Trekk inn alle faktorar frå den konkrete kommunikasjonssituasjonen som kan bidra til å skape meining.

Avsendar og mottakar

Tekstar har avsendarar og mottakarar som skaper meining gjennom forhandlingar. Avsendaren er den som står bak bodskapen i ein tekst. Målgruppa til ein tekst er dei mottakarane avsendaren rettar bodskapen sin direkte mot.

Kven er avsendaren i teksten? Kven er målgruppa bodskapen er retta mot? Er det sosiale eller kulturelle faktorar som kan påverke korleis avsendaren utformar bodskapen, eller korleis målgruppa avkodar teksten? Du kan òg sjå på relasjonar og maktforhold mellom avsendar og målgruppe. Er avsendar og målgruppe likestilte, eller er det maktforskjellar som kan påverke korleis teksten blir utforma og tolka?

Kven er avsendar og målgruppe i dømet vårt?

I dømet vårt er avsendaren Sylvi Listhaug, som på tidspunktet innlegget vart laga, var justisminister frå Framstegspartiet. Ho bruker pronomenet «vi» i innlegget utan at det kjem fram kven dette refererer til, men det er rimeleg å tru at det kan vere partiet hennar Frp eller regjeringa som ho var del av.

Sidan innlegget vart delt på hennar eiga Facebook-side, og ikkje Framstegspartiet si, kan vi seie at målgruppa først og fremst er følgjarane hennar.

Teksten er ikkje prega av politiske faguttrykk og er rask å lese, noko som gjer at han er tilgjengeleg for «vanlege folk», ikkje berre dei som er spesielt interesserte.

Kanal

Kva slags medium er teksten formidla gjennom? Kan trekk ved dette mediet påverke korleis teksten blir utforma og forstått?

Korleis påverkar kanalen teksten i dømet vårt?

Facebook som kanal er prega av at du kan nå ut til svært mange menneske på enkelt vis. Mottakarane kan gi snarleg tilbakemelding ved å kommentere innlegget eller klikke på ulike ikon som symboliserer kva dei synest. Å like og dele ein post er ein enkel måte å uttrykkje seg på, som ikkje krev meir enn to tastetrykk frå mottakaren. Dermed kan ein slik tekst spreie seg og skape mykje engasjement på ein lett måte.

Innlegg konkurrerer om merksemda med svært mykje anna innhald. Derfor er det vanleg å bruke sterke verkemiddel, visuelt og språkleg, for å få mottakarane til å stoppe opp og leggje merke til innhaldet.

Kommunikasjonen på denne plattforma ber ofte preg av å vere personleg og uformell. Bodskapen treffer folk på heimebane, i deira private sfære, på ein annan måte enn om han til dømes kom i form av eit formelt brev frå justisministeren. Dette gjer at politikarar kan kommunisere med veljarar på ein direkte og enkel måte.

Samtidig er Facebook-sida til Listhaug open, det vil seie at andre som ikkje er medlemmer der, kan sjå innhaldet. Bodskapen og forma i dette innlegget nådde òg Arbeidarparti-tilhengarar, sjølv om dei nok ikkje var tenkt å vere i målgruppa, og innlegget vekte sterke reaksjonar blant dei og andre i den generelle offentlegheita.

Korleis er forma og oppbygningen i teksten?

I ressursen under ser du korleis du kan analysere dei ulike elementa i ein samansett tekst.

Relatert innhald

Korleis er samspelet mellom dei ulike elementa i dømet vårt?

Det første ein legg merke til, er biletet av det som ser ut som terroristar med tildekte ansikt. Biletteksten forsterkar inntrykket av at dette er terroristar. Landskapet i biletet som er brukt, gir assosiasjonar til Midtausten eller afrikanske land der islamistiske terrorgrupper herjar.

Brødteksten over biletet beskriv kort bakgrunnen for bodskapen som biletet framhevar. Her blir «vi», Framstegspartiet, og Arbeidarpartiet framstilte som motsetnader, der Frp vil handle «raskt og effektivt» i kampen mot terror, mens Ap «toer hendene». Dette uttrykket kjem frå bibelforteljinga om Pontius Pilatus, som fekk valet mellom å benåde Jesus eller Barabbas, ein illgjeten mordar. Pilatus ville at folket skulle velje, men då han ikkje lykkast med dette, fråskreiv han seg ansvaret for Jesu død ved å två (vaske) hendene sine. Denne gir inntrykk av at Arbeidarpartiet i denne saka fråskriv seg ansvaret for at mordarar får gå fri.

Koplinga mellom brødteksten, biletteksten og biletet gir inntrykk av at Arbeidarpartiets politikk vil føre til at terroristar frå grupper som IS får herje fritt, noko som vil vekkje frykt hos dei fleste.

Eit anna framståande element i teksten er «LIK OG DEL» som står skrive med store bokstavar nedst i høgre hjørne. Å bruke slike store bokstavar blir oppfatta som å rope i slike digitale medium. Storleiken på skrifta understrekar dette, og saman gir dei inntrykk av å spegle den sterke emosjonelle reaksjonen som dei fleste får av bodskapen i biletet over. Frasen «LIK OG DEL» er i imperativform, noko som også strekar under at det er viktig at mottakaren handlar raskt ved å like og dele saka.

Kulturkonteksten

Dette handlar om kva for nokre kulturelle faktorar som har påverka utforminga av teksten, og kva slags røyndomsbilete eller ideologiar som kjem til uttrykk i han gjennom haldningane og verdiane til avsendaren.

Tekstkultur og sjanger

Kva slags tekstkultur inngår denne teksten i, og kva slags konvensjonar for denne tekstkulturen kjem til uttrykk?

  • Låner teksten element frå andre tekstkulturar?

  • Kva slags sjanger høyrer teksten inn under?

  • Finn du sjangerbrot eller sjangerblandingar i teksten?

Tekstkultur og sjanger i dømet vårt

Dette innlegget kan sjåast i samanheng med ein tekstkultur på nettet rundt memes, eller mem på norsk. Dette er enkle og spontane tekstar som blir delte og utvikla i eit fellesskap. Mema består av eit visuelt element kopla med ein verbalbodskap som gir ei ny meining til det visuelle elementet gjennom informasjonskopling. Denne informasjonskoplinga er heilt sentralt i mem som sjanger, noko som er tydeleg når ulike brukarar lagar eigne mem ved å kople visuelle element frå velkjende mem til nye verbalbodskapar som skaper ei heilt ny meining.

Føresetnaden for at eit mem skal bli delt, er at det byggjer på idear som er attkjennande for fleire, og som treffer ein nerve hos andre, som då får lyst til å dele det. Memkulturen vart lenge assosiert med ungdom og unge vaksne. Mem har vorte ein sjanger som har vorte vanlegare å bruke av andre aldersgrupper, men på ein mindre «avansert» og humoristisk måte. Formatet blir brukt for å formidle kjappe bodskapar som vekkjer sterke kjensler, på ein effektiv måte, samstundes som dei ikkje blir gjenstand for like kritisk lesing som bodskapar som blir presenterte i andre former.

Kjenneteikn ved denne tekstkulturen er at desse tekstane ofte har skarp humor, der sarkasme og latterleggjering er mykje brukte verkemiddel. Mema er laga for å skape ein reaksjon og for å delast kjapt. Bodskap i slike mem er sjeldan gjenstand for nærlesing. Ein grunn er at dei nettopp blir forstått i lys av memkulturen, der humor er grunntonen. Ein annan faktor er at mykje av meiningsskapinga ligg i samspelet mellom ord og bilete, slik at sjølve bodskapen blir implisitt. Bodskapen blir skapt i hovudet til mottakaren, som må gjere denne informasjonskoplinga.

Innlegget må kanskje òg sjåast på som ein del av ein politisk tekstkultur med valkampbodskapar eller politiske bodskapar retta mot eigne tilhengarar. Der er føremålet å elde til kamp og samlast om felles «fiendar», og det gir kanskje meining å tolke bodskapen i denne teksten i ein slik kontekst. På same måte som at Frp-leiar Siv Jensens tale til landsmøtet, der ho snakka om å «knuse dei jævla sosialistane», berre var meint som ein bodskap til partifellar, vekte òg Listhaugs innlegg sterke reaksjonar då det vart plukka opp av andre utanfor den interne gruppa av tilhengarar bodskapen var meint for.

Røyndomsbilete og ideologiar

Ein tekst formidlar alltid eit syn på røyndommen, og dette kan vi utforske gjennom å sjå på korleis teksten representerer eller framstiller denne røyndommen. Ordval, metaforar og til og med grammatikk er med på å fremje eitt bestemt syn på røyndommen, og kan seie noko om haldningane og verdiane som ligg i botnen.

  • Korleis blir andre aktørar og grupper framstilte i teksten? Bruker avsendaren sterkt negativt eller positivt ladde ord i framstillinga?

  • Blir andre aktørar framstilte som individ med individuelle trekk, eller blir dei framstilte berre i lys av at dei deltek i ei gruppe?

  • Er framstillingane av enkeltpersonar eller grupper baserte på stereotypiar eller fordommar?

  • Korleis blir andre sine synspunkt framstilte i teksten? «Påstår» eller «sutrar» dei, eller «meiner» dei noko?
Røyndomsbilete eller ideologiar i dømet vårt

Det visuelle elementet speler på stereotypiar om terroristar som mørkhuda menn frå Midtausten, sjølv om dei største terrorhandlingane i Noreg har vore utførte av lyshuda, etnisk norske menn.

Som justisminister hadde Sylvi Listhaug ein av dei øvste offisielle maktposisjonane i landet, men ho bruker ikkje tittelen sin eller andre markørar for å signalisere status eller makt i dette innlegget.

Bodskapen fokuserer berre på Arbeidarpartiets standpunkt i denne saka, og ikkje andre parti, derfor kan teksten kommunisere meir direkte til dei som er spesielt skeptiske til Arbeidarpartiet.

Ordvalet knytt til Ap er negativt ladd og står i motsetnad til korleis ho framstiller Framstegspartiet. Mens Ap «tor hendene», eit ordval som gir assosiasjonar til feigskap i møte med val mellom det gode og det vonde, blir Frp omtalt med plussord som uttrykkjer handlekraft. I verbalteksten over biletet blir «terroristenes rettigheter» sett opp mot «nasjonens sikkerhet». Dette teiknar eit bilete av Ap som meir opptekne av «dei andre» enn av «sitt eige folk».

Informasjonskoplinga mellom dei visuelle og dei verbale elementa i teksten skaper ei kopling mellom Ap og ikkje-vestlege terroriser. Dette kan tenkjast å vekkje sterke assosiasjonar og gi atterklang blant tilhengarar av Eurabia-teorien. Denne går nettopp ut på at Arbeidarpartiet er forrædarar som vil erstatte den norske befolkninga med muslimar, der målet er å erstatte demokratiet med eit islamistisk terrorvelde.

Til slutt samlar du trådane og summerer opp funna og inntrykka dine:

  • Korleis vil du oppsummere bodskapen og målet i teksten etter å ha gått gjennom desse punkta?

  • Korleis tolkar du som mottakar teksten?

  • Korleis vurderer du teksten ut frå eit kommunikasjonsperspektiv? Treffer bodskapen målgruppa?

  • Kva fortel denne teksten om tida og samfunnet ho vart til i?

  • Korleis bidreg denne teksten til å forme røyndommen, og kva slags konsekvensar har han?

Kjelder

Bibelselskapet (u.å.). Pontus Pilatus. Henta 16. april 2021 frå https://bibel.no/om-bibelen/laer-om-bibelen/bibelsk-persongalleri/pontius-pilatus


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker .
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Ver kritisk!