Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein saga som kjelde til norsk vikingtid

Kva seier ein gammal saga om korleis vikingane levde og kva verdiar dei hadde? I dette arbeidet skal du jobbe tverrfagleg i norsk og historie og bruke Sagaen om Floafolket som kjelde.

Del 1: Kva veit de om vikingtida?

Sagaen du skal lese, handlar om Torgils Arrbeinstjup. I løpet av sagaen reiser han over store delar av Nord-Europa. Han knyter alliansar, skiftar tru og mister ein son.

Jobb i grupper

Kva veit de eigentleg om vikingtida? Sit i grupper og diskuter spørsmåla under. De skal svare på alle spørsmåla. Om de ikkje veit svaret, skal de tippe:

  1. I kva delar av Nord-Europa busette vikingane seg?
  2. Kva var ein trell? Og kva var ein frille? Og korleis skaffa vikingane seg treller og friller?
  3. Korleis var forholdet mellom kjønna i vikingtida?
  4. Korleis skaffa vikingane seg ære og rikdom?
  5. Kva trudde vikingane på? (Stikkord: religion, overtru, draumar)
  6. Om vikingar var ueinige, korleis løyste dei konfliktar seg i mellom?
  7. Korleis skaffa vikingane seg mat?
  8. Kva var det å reise i viking?
  9. Kor reiste vikingane?

I plenum:

  1. Gå gjennom svara til alle gruppene. Kor mykje forkunnskapar sit klassen med om vikingtida? Og kva veit de lite om?
  2. Formuler minst fem spørsmål de sit igjen med etter å ha gått gjennom oppgåvene i plenum.

Del 2: Finn svar i ein saga

Ættesagaene er blant dei viktigaste kjeldene våre til vikingtida. Samtidig er dette kjelder vi må lese kritisk. Dette kjem vi tilbake til seinare. Men no skal vi lese ein saga. Målet er å finne svar på flest mogleg av spørsmåla over medan de les sagaen. De skal derfor notere ned alle svar på spørsmåla de måtte finne undervegs i lesinga.

Relatert innhald

Del 3: Del svara med klassen

  1. Gå gjennom spørsmåla ein gong til i plenum. Skriv ned alle svara på tavla eller i eit delt dokument.
  2. Diskuter: Korleis har sagaen bidrege til auka forståing for vikingtida?
  3. Etter å ha lese sagaen: Trur de at dette er ei påliteleg kjelde til vikingtida? Grunngi svara dykkar.

Del 4: Sagaer som historisk kjelde

Korleis kan vi bruke Sagaen om Floafolket som ei kjelde til hendingar på Island, i Noreg og på Grønland på 1000-talet? Drøft dette spørsmålet etter at du har lese artikkelen om islendingesagaene som historisk kjelde.

Relatert innhald

Del 5: Vikingane sin påverknad på naturen

Bruk sagaen og artikkelen "Hvalrossene på Island døde ut kort tid etter vikingene ankom" på forskning.no og finn svar på dei to spørsmåla under:

  1. Kvifor drog vikingane til Grønland?
  2. Korleis påverka vikingane si jakt på handelsvarer og mat, naturen?
  3. Vurder Forskning.no som kjelde. Er denne sida påliteleg?

Relatert innhald

Det kan vere vanskeleg å vurdere kvaliteten på informasjonen du finn. Der er derfor viktig at du stiller ein del kritiske spørsmål.

Del 6: Fødd i vikingtida, død i mellomalderen

Sagaen fortel om ei sentral hending i historia til både Island og Noreg – overgangen frå norrøn tru til kristendommen. Les passasjane som handlar om den fysiske kampen hovudpersonen Torgils har med den norrøne guden Tor:

  1. Korleis blir det personlege trusskiftet til hovudpersonen framstilt?
  2. Korleis går Torgils fram for å hindre andre menn i å dyrke dei gamle gudane?
  3. Korleis føregjekk eigentleg kristninga av Norden? Samanlikn framstillinga i sagaen med dokumentaren Nordens historie på NRK.

Del 7: Samanlikn Torgils med 2000-talsmennesket

  1. Kva verdiar hadde vikingane? Svar på spørsmålet ved å vise til konkrete hendingar i sagaen.
  2. Kva likskapar og forskjellar finn de mellom vikingane sine verdiar og våre?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Kjeldekritikk