Bruk av forteljar og synsvinkel
No skal du sjå på forteljarteknikken i den romanen du har valt. Les først i romanen din i nye 20 minutt, så kan du gå i gong.
Når du skal beskrive bruken av forteljar og synsvinkel i romanen din, treng du igjen nokre fagomgrep. Du må vite kva vi meiner med
- førstepersonsforteljing
- tredjepersonsforteljing
- personal forteljar
- autoral forteljar
- intern (indre) synsvinkel
- ekstern (ytre) synsvinkel
- skiftande synsvinkel
Skriv ned korte forklaringar på omgrepa og ta vare på det du har skrive. Viss du treng å friske opp fagomgrepa, kan du lese litt om dei:
Relatert innhald
Beskriv bruken av forteljar og synsvinkel i romanen du les.
- Blir historia fortald i første eller tredje person?
- Er forteljaren autoral eller personal?
- Viss forteljaren er personal: Kven av karakterane er det som fortel historia?
- Er synsvinkelen intern, ekstern, eller skiftar han mellom intern og ekstern?
- Kven eller kva for personar ligg synsvinkelen hos?
Vel ei sentral scene eller hending i romanen. Skriv ho på nytt, men då sett gjennom auga til ein annan enn den opphavelege forteljaren. Nokre moglegheiter:
- Er romanen din skriven i første person, kan du byte til ei tredjepersonsforteljing – og omvendt.
- Du kan velje å gi lesaren din tilgang til tankane til andre romankarakterar enn i originalteksten.
- Du kan skildre karakterane konsekvent utanfrå, slik at lesaren din ikkje får vite kva dei tenkjer.
Del versjonen din med sidemannen. Forklar kva skiftet av forteljar og/eller synsvinkel gjer med opplevinga di av scena og personane.
Arkiver alt du har skrive, i mappa di.
Du skal snart få nokre fleire oppdrag som krev at du har lest heile romanen. Er du lur, plukkar du med deg nokre gode sitat undervegs i lesinga. Sitata kan du seinare bruke som døme som underbyggjer oppfatninga di av personar, miljø, konflikt, tema, skrivestil osv. Hugs å notere også sidetal! Du må alltid kunne vise til kva for side i boka du har henta sitatet frå.