Læringsmål
CC BY-SA 4.0
Når du har arbeidd med denne læringsstien, kan du
- skrive eit handlingsreferat
- reflektere over kva miljøskildringa fortel oss om samfunnet og stadane romankarakterane lever i
- forklare sentrale omgrep om personkarakteristikk og bruke dei i eiga skriving om personkarakteristikk
- identifisere forteljar og synsvinkel i romanen og seie noko om korleis desse forfattarvala påverkar opplevinga vår av handling og personar
- reflektere over tema og bodskap
- gjere greie for kronologi, spenningskurve og framstillingsmåtar i ein roman
- lage tolkingspåstandar om ein roman
- bruke modalitetar som teikning, emoji og bilete for å uttrykkje sider ved romanen
- skrive ein enkel romananalyse