Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les og tolk diktet "Ja visst gör det ont"

Spørsmål til diktet "Ja visst gör det ont" av Karin Boye.
Grein av kirsebærtre med knopper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Tittelen på diktet er "Ja visst gör det ont". Kva er det som gjer vondt, ifølgje forfattaren?
  2. Den første strofa i diktet handlar om tre og "knoppar som brister". Kva kan desse knoppane som brest, vere bilete på, trur du?
  3. I liva våre står vi ofte overfor val som inneber at vi må sleppe tak i noko eller starte på nytt. Nemn eksempel frå din eigen kvardag som illustrerer dette.
  4. I den første strofa bruker forfattaren "det frusna bitterbleka" om "her og no"-situasjonen. Kvifor trur du ho har valt slike adjektiv for å beskrive situasjonen før knoppane brest?
  5. Kva kan grunnen vere til at mange vel å verte verande i det som er, heller enn å starte på nytt?
  6. I den siste verselinja i den første strofa kan vi lese at det gjer vondt også for "det som stänger" eller hindrar at knoppane brest eller veks. Kvifor trur du forfattaren omtalar det på nettopp denne måten?
  7. Kva for eksempel kjem du på, som kan stengje for eller hindre at vi menneske byrjar på nytt?
  8. I den andre strofa i diktet omtalar forfattaren fasen rett før knoppane brest. Kva kjenneteiknar denne fasen?
  9. Motsetjinga mellom "att vilja stanna och at vilja falla" vert omtalt i dei to siste verselinjene i den andre strofa. Ta utgangspunkt i ein situasjon der du synest det var vanskeleg å ta eit val. Kva for argument for og mot dette valet måtte du ta stilling til?
  10. Motsetjinga mellom "att vilje stanna och at vilja falla" er markert med eit heilt tydeleg mellomrom i diktet. Kvifor trur du forfattaren har valt å markere dette typografisk?
  11. Korleis endrar bruken av adjektiv seg i den tredje og siste strofa? Kva trur du er grunnen til det?
  12. I verselinje to i den tredje strofa les vi at knoppane på treet brest som "i jubel"? Kvifor vel forfattaren no å omtale dette som noko positivt og ikkje som noko negativt?
  13. Kva trur du bodskapen i diktet er? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945