Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn tekstar om livet i moderniteten

Ein allegori er ei historie med ei konkret handling som skal symbolisere noko abstrakt. No skal du samanlikne allegoriar som seier noko om det å vere menneske i den moderne verda. Tre av dei er typisk modernistiske, medan den siste er ein kortfilm frå vår tid.
Utsnitt frå filmen "Rulletrappen". Fleire nakne mannsfigurar går oppover ei rulletrapp. Dei er skalla på hovudet og har overdimensjonerte ansikstrekk. Ein av mannsfigurane går motsett veg i rulletrappa, og ein annan ser bakover med eit misnøgd uttrykk i ansiktet. Foto.

Oppgåve

Dei fire tekstane under kan alle bli lesne som allegoriar over livet. Skriv ei samanlikning av tematikken i minst to av tekstane. Plasser dei i ein kulturhistorisk kontekst. Bruk fagomgrep.

Kommentar: I teksten din skal du samanlikne temaet i tekstane på ein oversiktleg måte. Bruk tekstbindarar for å skape flyt i språket ditt. Du skal òg vise kunnskapar om den kulturhistoriske konteksten tekstane kom ut i.

Tips til kva du kan ta med i samanlikninga di

Tipsa under gir deg hjelp til å finne likskapar og forskjellar mellom tekstane:

  • Alle tekstane kan lesast som allegoriar over livet. Det vil seie at dei har ei konkret handling, men at denne konkrete handlinga er eit bilete på noko større. Kva kan desse allegoriane seie oss om forfattarane sitt syn på korleis det er å vere menneske i den moderne verda?

  • Mange av tekstane har ein karakter som stiller spørsmål og tviler på vedtekne sanningar. Kva kan denne karakteren symbolisere?

  • Som ein kontrast til denne karakteren står fleire andre karakterar som slår seg til ro med tilstanden slik han er. Kva kan dei symbolisere?

  • Somme av tekstane har òg ein vaktar eller kontrollør. Kva funksjon har denne karakteren?

  • Legg merke til eit lys eller ein inngang av ein eller annan type i tekstane.

  • Håp og tvil er omgrep som går igjen på ulikt vis.

  • Kva er meininga med det heile? Karakterane har eit mål, men det er diffust. Er målet eigentleg berre ein måte å fylle livet med innhald på?

  • Stillstand og/eller sirkelkomposisjon går igjen i mange av tekstane.

  • Tre av tekstane er typisk modernistiske. Korleis?

  • Kortfilmen Rulletrappen er frå vår tid. Går det likevel an å peike på trekk ved tematikken som minner om den modernistiske tradisjonen?

  • Kan Platons hòlelikning (sjå animasjon under) bli brukt som innfallsvinkel til tekstane? Legg merke til lyset, spørsmålet om kva som er verkeleg/ikkje verkeleg og det å stille spørsmål ved vedtekne sanningar.

Skrivetips

I presentasjonen under vil de få

  1. tips om kva som er forskjellen på parafrase og analyse

  2. tips om korleis de kan setje opp avsnitt i samanlikningar


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Modernisme 1900–1945