Rulletrappen - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Rulletrappen

Tre nakne menn går oppover ei uendeleg rulletrapp som går nedover. Finn dei lykka på toppen?

Om filmen

Rulletrappa er ein kortfilm basert på Christopher Nielsens teikneserie med same namn.

Tre nakne menn går taktfast mot toppen av ei rulletrapp for å oppnå den ultimate lykka. Ein av dei byrjar å tvile. Han set seg ned i protest, og tenkjer at livet kan vel ikkje vere så ille på botnen av rulletrappa.

Han blir fylt av tvil der han sit åleine på veg nedover mot den potensielle avgrunnen. Full av frykt spring han opp igjen for å finne plassen sin i fellesskapet.

Christopher Nielsen

Christopher Nielsen er ein samfunnskritisk norsk teikneserieskapar, dramatikar og animasjonsfilmskapar.

I tillegg til Rulletrappen, står han bak teiknefilmserien To trøtte typer og animasjonsfilmen Slipp Jimmy fri.

Slipp Jimmy fri fekk Amanda for beste film i 2006.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020