Kjeldemateriale
Kortfilm
Video
Zing
Mr. Grimm er ein slags "mannen med ljåen". Han styrer skjebnen til menneska og plukkar ut kven som skal døy. Ein dag bankar ei lita jente på døra.
Om filmen
Mr. Grimm er ein ganske skummel type. Han har blodsprengde auge og spisse tenner og bur i eit gammalt hus. Inne i huset er det eit komplisert system av trådar. Kvar tråd representerer eit menneskeliv. Vi ser korleis Mr. Grimm kuttar av trådane med ein liten ljå.
Ein dag, mens Mr. Grimm er oppteken med arbeidet sitt, ringjer det på døra. Det er ei lita jente som leitar etter kattepusen sin.
Filmen er laga av to studentar ved Filmakademie Baden-Württemberg, ein tysk filmskule kjend for dei dyktige animasjonselevane sine.
Relatert innhald
Lag ein kreativ tekst basert på kortfilmen Zing
Reflekter over bruken av religiøse symbol i kortfilmen Zing og fortel att historia med eigne ord.
Zing
In this short film we meet Mr Grimm. All day, every day, he harvests lives.