Skriv ei filmmelding av Tuba Atlantic
Skriv ei melding av den oscarnominerte kortfilmen Tuba Atlantic. Meldinga skal publiserast på ein nettstad som blir lesen av folk på din eigen alder.
Du er sikkert godt kjend med meldingar av filmar i ulike medium. Filmmeldingane er gjerne forfatta av ein filmkritikar eller ein redaksjonsmedarbeidar med god peiling på film, og dei inneheld ofte ei vurdering av filmen i form av eit terningkast.
Det finst inga fast oppskrift på korleis ei filmmelding skal skrivast, men ei god melding bør innehalde tittelen på filmen, informasjon om kven som har laga han, ei beskriving av sjanger og tema og ei vurdering av forteljeteknikk og verkemiddel.
Her er fleire råd
- Merk deg hovudtrekka i handlinga.
- Kva gjer historia bra?
- Korleis er skodespelarane?
- Er det nokon klare parallellar til andre filmar?
- Har filmen eller regissøren nokon særpreg?
- Formuler på eit tidleg stadium ein konklusjon som blir sentral i meldinga.
- Pass på så du ikkje spolerer avslutninga eller røper for mykje av handlinga i meldinga.
Relatert innhald
Oskar skal døy om seks dagar og vil forsonast med bror sin på andre sida av Atlanteren. Korleis få kontakt? Ved å vekkje til live verdas største tuba!