Snø
Om filmen
Komponisten prøver å fange lyden av snøkrystallar som knuser og av lette snøfnugg som landar på bakken. Det viser seg å vere ei større oppgåve enn han først trudde.
Filmen er utan dialog og blir fortald i langsamt tempo. Musikken er stemningsskapande og heng nært saman med handlinga i filmen. Filmen passar godt som utgangspunkt når du jobbar med lyd og musikk som verkemiddel i film.
Om regissøren
Hans Otto Nicolayssen (1945) er ein norsk regissør og produsent. Han debuterte som spelefilmregissør med dramafilmen Kjærleikens ferjereiser (1979). Nicolayssen er òg kjend for komedien Plastposen (1986) med Jon Skolmen i hovudrolla.
Relatert innhald
Kortfilmen «Snø» handlar om ein komponist på jakt etter snøfnugg. Sjå filmen, gå i djupna og skriv ein filmanalyse.
I denne oppgåva skal du sjå to utvalde scenar frå kortfilmen Snø. Du skal øve deg på å gi ein næranalyse av det eine klippet.