Løys mordgåta i Jante
Les teksten under. Ta testen nedst for å sjekke at du har forstått innhaldet.
Den første romanen om Espen Arnakke er romanen En sjømann går i land. I denne romanen dreg Espen som sjømann til New Foundland. Her møter han ein mystisk person – John Wakefield. Dei utviklar ein slags venskap som seinare utviklar seg til fiendskap. På New Foundland treffer Espen også den vakre kvinna Eva, og han forelskar seg veldig. Men John Wakefield kaprar henne, noko som fører til intens sjalusi frå Espens si side, og han drep rivalen sin.
Romanen En flyktning krysser sitt spor er oppfølgjaren til romanen der Espen drep John Wakefield, og det er her han prøver å oppklare mordårsaka. Kvifor reagerte han så sterkt på å miste kvinna han var forelska i, at han valde å drepe?
For å finne svaret går han, som Freud ville gjort, tilbake til barndommen sin. Romanen er altså ein erindringsroman. Den startar på notidsplanet: Espen er 34 år, bur i Noreg, men tenkjer tilbake på barndommen i byen Jante i Danmark. Sandemose var inspirert av Freuds psykoanalyse og meinte at løysinga måtte liggje i barndommen. Derfor lar han romankarakteren Espen Arnakke drive ein slags sjølvanalyse for å finne svaret på kvifor han blei ein mordar.
Ta testen
Har du forstått teksten og oppdraget? Sjekk deg sjølv ved å ta testen under:
Når du har forstått oppdraget, er du klar til neste steg – nemleg å gå laus på oppdraget. Men for å kunne løyse ei psykoanalytisk gåte må du kunne litt om Freuds teoriar.
Relatert innhald
Sigmund Freud er mannen bak psykoanalysen. I denne artikkelen får du ei innføring i teoriane hans.
Les fagartikkelen "Freud og psykoanalysen".
Sit i grupper og diskuter spørsmåla under:
Kva meinte Freud med at psyken til mennesket var bygd opp av id, ego og superego?
Hva er underbevisstheita, ifølgje Freud?
Hva er den einaste måten å få tilgang til underbevisstheita på?
Kvifor meinte Freud at barndommen og oppsedinga var så viktig?
Korleis gjekk Freud fram med pasientane sine i terapi for å hjelpe dei? (Hint: barndommen og fortrenging)
Kva er "fri assosiasjon"?
Kvifor var draumetyding så viktig i psykoanalysen?
Korleis viste typiske maskuline og feminine former seg i folk sine draumar, meinte Freud?
Kva var Ødipuskomplekset?
No er du endeleg klar for å forske på det som er kjelda di. Du skal lese eit kapittel i romanen En flyktning krysser sitt spor som heiter "Den hellige sten". Det er nemleg i dette kapittelet Espen Arnakke meiner å finne svaret på gåta, men svaret står ikkje i klartekst. I staden driv Espen ein slags sjølvanalyse og legg fasiten fram for lesaren i symbolsk form, slik som er typisk for psykoanalysen.
Finn kapittelet "Den hellige sten" i En flyktning krysser sitt spor på Nasjonalbiblioteket.
Løys oppdraga under saman med ein medelev i klassen.
Oppdrag 1
Les dei to første sidene i kapittelet "Den hellige sten". (Denne steinen er nok et symbol.) Freud meinte at forbodne drifter og kjensler skjulte seg i det underbevisste, men trådde fram i symbolsk form. Sjå på sitata frå dei to sidene du har lese. Kva kan "steinen" vere eit symbol på?
Oppdrag 2
No har du forhåpentlegvis funne ut kva steinen kan vere eit symbol på. Men gåta er ikkje løyst enno, for årsaka til mordet er ikkje oppklart. Løysinga finn du nemleg inni den heilage steinen. Les resten av kapittelet og sjå om du kan finne fleire spor.
No er det på tide å formulere løysinga på krimgåta. Jobb i same par som i førre oppgåve.
Skriv ned eit svar på spørsmålet: "Kvifor drap Espen John Wakefield"? De må grunngi svaret dykkar ved å vise til Freuds teoriar om psykoanalysen.
Skriv ned to–tre sitat som de meiner er ei god grunngiving for funnet dykkar.
Samanlikn svara dykkar med svara til andre i klassen. Er de einige?
Ein og ein les opp svaret sitt. Har de funne ut av det same? Eller er de ueinige? Og kva med grunngivinga?
Denne siste oppgåva kan de løyse saman i par. For like interessant som løysinga på krimgåta er måten Espen finn ho på. Medan du las kapittelet, la du kanskje merke til at forteljarstilen er oppstykka og ukronologisk? Årsaka er at Sandemose i denne delen av romanen ikkje er oppteken av ytre handling, men det som skjer i Espens indre.
Kvar finn Espen løysinga på mordgåta?
Kvifor ville Freud sagt at måten Espen løyser gåta på, er umogleg?
Diskuter i klassen:
Koleis viser gåta om Espen Arnakkes drap at Sigmund Freud hadde sterk innverknad på forfattaren Aksel Sandemose? Grunngi svaret.
Synest de tankane om påverknaden frå barndommen på den vaksne personlegdommen verkar relevante? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Samanlikn kulturdebatten på 30-talet med realismen på 1800-talet eller dagens "flinke" generasjon.