Tidleg norsk modernisme på 1890-talet
Viss du studerer litteraturhistoria, vil du sjå at nye forfattarar ofte ønskjer å skape noko annleis enn forgjengarane sine. Derfor er det ofte slik at etter ein lengre periode med mykje samfunnskritisk litteratur, vil neste periode vere prega av kjensler og psykologi.
Og kva skulle forfattarane eigentleg gjere etter at ei kjempe som Henrik Ibsen tok det meste av plassen? Jo, sjølvsagt – kritisere litteraturen hans for open scene – med Ibsen sjølv på første rad – og bli nesten like stor som meisteren sjølv.
Det var Hamsun som gjorde dette stuntet. Han inviterte Ibsen på foredrag i Christiania. Ibsen kom, sette seg på første rad og høyrde ein ung Knut Hamsun seie:
Vi har en tredje forfatter i vår litteratur (…) som (…) har diktet samfunnsdiktning sent og tidlig, og som i menneskeskildringene kanskje mer enn noen av de andre har latt seg nøye med den steileste og enkleste karakterpsykologi – jeg mener Henrik Ibsen. Er det noen mann i vår litteratur, som har skapt "karakterer" i all deres steile enkelhet, så er det ham, har noen evnet å holde en skildring så krampaktig fast, at intet såkalt "uvedkommende" fikk flyte inn i en figur, så er det ham. Og dette grunner seg likeså mye på den diktform, som denne forfatter alltid bruker, som på den naturlige steilhet og nyansefattigdom i hans følelsesliv.
Knut Hamsun er altså ikkje lite frekk. Han kallar Ibsens karakterar "enkle" og litteraturen hans "fattig på nyansar". For nordmenn flest er Hamsun på denne tida ganske ukjend, men han skal bli nesten like stor som Ibsen sjølv. Året før han heldt foredrag framfor Ibsen, hadde han gitt ut romanen Sult, som blei gjennombrotet hans, og blir rekna som den første modernistiske romanen.
Sult
I Sult bryt Hamsun med mange av sjangerkrava til den tradisjonelle romanen:
Romanen har ingen tydeleg kronologi (tidsrekkjefølgje) og inga handlingsutvikling der lesaren blir lósa fram til ei klar avslutning.
Den namnlause hovudkarakteren i romanen forlèt til slutt Kristiania, men lesaren får ikkje noko svar på korleis det går med han.
Hovudkarakteren er ein mislykka forfattar som på grunn av den sterke svolten sin ikkje klarer å skilje mellom draumar, fantasiar og verkelegheit. Dermed blir skiljet mellom ytre og indre verkelegheit uklart – både for hovudpersonen sjølv og for lesaren.
Sigbjørn Obstfelders lyrikk på 1890-talet er modernistisk både i innhald og form. Når det gjeld innhaldet, formidlar han den angstkjensla som var så typisk for seinare modernistar på 1900-talet. Forma var ofte eksperimentell og ikkje-strofisk utan enderim.
Jeg ser
Diktet "Jeg ser" er Obstfelders mest kjende tekst. Grunnstemninga i diktet er dyster, og forma er utradisjonell. Du kan høyre diktet på NRK.
Jeg ser på den hvite himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.Dette er altså verden.
Dette er altså klodenes hjem.En regndråbe!
Jeg ser på de høye huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.De gråblå skyer samler seg. Solen ble borte.
Jeg ser på de velkledde herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende heste.Hvor de gråblå skyer blir tunge.
Jeg ser, jeg ser...
Jeg er vist kommet på en feil klode!
Her er så underligt...
Edvard Munch er ikkje forfattar, men han er naturleg å ta med når vi skal sjå på tidleg modernisme i Noreg på 1890-talet. Det blir sagt at Edvard Munch måla slik Sigbjørn Obstfelder skreiv, eller omvendt. Dei to unge mennene var gode vener, og motivet i "Jeg ser" liknar Edvard Munchs Aften på Karl Johan.
Samanlikn tekst og bilete
Samanlikn "Jeg ser" av Sigbjørn Obstfelder med måleriet Aften på Karl Johan av Edvard Munch. Kva likskapar ser du mellom kunstverk og tekst?
Munch – ein ekspresjonist
Ekspresjonismen er ei retning innanfor modernismen. Vi plasserer Edvard Munch i denne retninga. Å måle ekspresjonistisk betyr å måle "uttrykk" (expression). Det vil seie at kunstverket skal reflektere dei indre kjenslene til målarane. Målet er altså ikkje å gjengi verkelegheita eksakt. I staden blir det brukt ulike verkemiddel som skal framheve ei kjensle.
Skrik er Munchs mest kjende måleri og typisk ekspresjonistisk.
Diskuter Skrik
Diskuter med ein medelev: Kva kjensle meiner de Edvard Munch har måla i Skrik, og kva verkemiddel har han brukt for å formidle denne kjensla?
Relatert innhald
Utdrag frå Martin Ernstsens teikneserieversjon av Knut Hamsuns roman "Sult".
Forstå Knut Hamsun ved å lese "Fra det ubevidste sjæleliv" og "Sult" både i original- og teikneserieversjon.