Hopp til innhald
Oppgåve

Kvifor modernisme?

I denne oppgåva skal du lage ei oversikt over bakgrunnen for modernismen. Du skal både undersøkje kulturhistoriske årsaker til periodar og lese om forløparane for modernismen på 1800-talet.

Målet med denne oppgåva er at du skal forstå den kulturhistoriske bakgrunnen for at modernismen oppstår.

Oppgåva krev at du set deg inn i ganske mykje stoff. De skal derfor gå saman i grupper på seks personar, der kvar elev har ulike oppdrag. Etterpå samarbeider de ved å fortelje att til dei andre med eigne ord det de har funne ut, slik at det blir mogleg å lage ei oversikt over perioden.

Del A: Oppgåva

Sit saman i ei seksargrupper. No får de eitt oppdrag kvar. Fordel oppdraga mellom dykk:

  1. Oppdrag 1: Forklar kva modernismen er, og kvifor vi seier at første verdskrigen var ei årsak til modernismen.

  2. Oppdrag 2: Forklar kvifor industrialisering og urbanisering er ei årsak til modernismen.

  3. Oppdrag 3: Forklar kvifor vi ser på nye idéar og oppdagingar frå Friedrich Nietzsche, Sigmund Freud og Charles Darwin som årsaker til modernismen.

  4. Oppdrag 4: Forklar kva modernismen er, og kvifor vi kallar Charles Baudelaire og Walt Whitman for forløparar til modernismen.

  5. Oppdrag 5: Forklar kvifor vi kallar verka til Emily Dickinson og Fjodor Dostojevskij for forløparar for modernismen.

  6. Oppdrag 6: Forklar kvifor vi kallar impresjonismen. symbolismen og ekspresjonismen for forløparar for modernismen.

De skal bruke fagartiklane under for å finne svar. På oppdrag 1–3 finn de svar i artikkelen som heiter "Kvifor oppstod modernismen?" Svara på oppdrag 4–6 finn de i artikkelen "Forløparane til modernismen på 1800-talet".

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor oppstod modernismen?

Kvifor oppstod modernismen? Ein artikkel om den kulturhistoriske konteksten modernistane skreiv og måla i.

Del B: Les deg opp på oppdraget ditt

Les deg opp på oppdraget ditt. Målet er at du skal kunne fortelje att det du les med eigne ord. Du bør derfor korte ned det som står i artikkelen og øve deg på å fortelje att utan å sjå på notat. Gjer stoffet til ditt eige!

Del C: Samle dykk i grupper

Gå saman i gruppene igjen. De skal fortelje att dykkar del til dei andre i klassen. No er det viktig å lytte for å klare oppdrag D! Det kan vere lurt å ta notat medan dei andre snakkar. Byrj med oppdrag 1 og gå kronologisk vidare til oppdrag 6.

Del D: Test forståinga

I denne delen skal de jobbe individuelt. Fullfør setningane under utan hjelpemiddel. Om det er nokon de står fast på, så la desse stå tomme.

Lim setningane under inn i eit dokument på pc-en din eller skriv for hand.

Kva er modernismen?

Historisk bakgrunn

Kulturell bakgrunn

Forløparar i litteraturen

Forløparar i målarkunsten

Typisk for modernismen var ...

Perioden var...

Krigen opna auga for teknologien som ...

I tillegg døydde ...

Konsekvensen var at ...

Like etter krigen ...

Ei anna historisk årsak til modernismen var industrialiseringa. Den ...

Livet som arbeidar på fabrikkane kunne vere ...

Ei følgje av industrialiseringa var urbanisering. Også dette var ei årsak til modernismen fordi...

Byen blir i modernistisk litteratur skildra ...

Då skal vi over til kulturelle årsaker til framveksten av modernismen. Først ser vi på filosofen Friedrich Nietzsche som ...

Han peika på ...
Også Charles Darwin med ...

Darwins idéar utfordra ...

Den siste som inspirerte modernistane, var psykologen...

Det var særleg idéane hans om ...

Ein viktig litterær forløpar for modernistane var Charles Baudelaire som ...

Dikta hans ...

Ein annan forløpar var Walt Whitman. Det er særleg ...

I diktet "Eg høyrer Amerika syngje" ...

Emily Dickinson inspirerte modernistane ved å ...

Ho var kjend for å ...

Til sist har vi russaren Fjodor Dostojevskij. Han var oppteken av ...

Mellom anna skreiv han Forbrytelse og straff som undersøkjer ...

Når det gjeld målarkunsten, er det særleg tre retningar som ...

Felles for desse er at ...

Impresjonisme betyr ...

Symbolistane måla idéar ...

Mens impresjonistane måla, skildra ekspresjonistane ...

Vår aller mest kjende målar, Edvard Munch, måla til dømes ...

Del E: Oppklar vanskar

  1. Set dykk saman i grupper igjen. Spør kvarandre om hjelp til å fullføre setningar de synest var vanskelege.

  2. Revider teksten slik at de sit igjen med ein ferdig korttekst om bakgrunnen for, og forløparar for, modernismen. Lag avsnitt, underoverskrifter, overskrift og ein konklusjon.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Edvard Munch og Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder og Edvard Munch var gode venner. Korleis kan vi sjå dei åndelege slektskapane deira igjen i kunsten deira?