Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gåta Hedda Gabler

Skodespelet Hedda Gabler (1890) av Henrik Ibsen har blitt sett på som ei gåte. Gåta er hovudpersonen sjølv – for kvifor oppfører Hedda seg som ho gjer? No skal de prøve å diskutere dykk fram til ei løysing. Og går det an å plassere Hedda i vår tid ved å sjå ein episode av Exit?
Petronella Barker som Hedda Gabler. Ho siktar med ein pistol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Innføring i gåta Hedda Gabler

Les utdraga om Hedda Gabler i presentasjonen under og sjå på biletet frå ei oppsetjing av stykket (over). Diskuter deretter i grupper:

  1. Kva slags inntrykk får de av Hedda?

  2. Kva forventar de av stykket de no skal lese/sjå?

Del 2: Sjå Hedda Gabler

Sjå oppsetjinga av Hedda Gabler på Applaus Scene (Feide-innlogging)

Del 3: Førsteinntrykk av Hedda Gabler

  1. Skriv fritt i fem minutt: Kva inntrykk får de av Hedda?

  2. Samanlikn svara dykkar i grupper.

  3. Diskuter deretter:

    • Kva kan vere årsaka til Heddas åtferd? Kvifor verkar ho rastlaus, misnøgd og slem?

    • Kvifor tek Hedda livet av seg til slutt?

Del 2: Hedda og Thea

Diskuter i grupper:

  1. Korleis oppfører Hedda seg mot Thea?

  2. Kva kan vere årsaka til at ho oppfører seg slik mot henne?

  3. Samanlikn karakterane Hedda og Thea. Sjå på

    • personlege eigenskapar

    • kva Thea og Hedda har gjort i liva sine

Del 3: Bli betre kjend med Hedda

Sjå filmen over. Diskuter deretter:

  1. Kva for ulike forklaringar fekk de på Heddas åtferd i filmen om Hedda Gabler?

  2. Fekk de meir forståing for henne no?

Del 4: Tekst i kontekst

Hedda Gabler høyrer til dei øvre samfunnslaga på 1800-talet. Kan kvinneidealet og samfunnet forklare åtferda hennar?

  1. Les teksten "Kvinneidealet på 1800-talet" på Kvinnehistorie.no

  2. Skriv fritt i ti minutt: Kan det du no har lært om kvinnerolla på 1800-talet, forklare Heddas åtferd? Grunngi ved å vise til konkrete døme frå både skodespelet og artikkelen du har lese.

Del 5: Tekst ute av kontekst

Viss kvinneidealet på 1800-talet er årsaka til Heddas åtferd, har stykket då noko å fortelje oss som lever på 2000-talet?

  1. Diskuter spørsmålet over i grupper.

  2. Sjå episoden "Perfekt fasade" frå TV-serien Exit på NRK

  3. Diskuter deretter:

    • Korleis blir kvinnerolla framstilt i denne serien frå 2000-talet?

    • Samanlikn kvinnerolla i Exit og Hedda Gabler.

    • Kven av karakterane i Exit synest de Hedda liknar mest? De kan sjå på både manns- og kvinnekarakterane.

    • Korleis tematiserer episoden forholdet mellom fasade og lykke/ulykke?

    • Kan de sjå nokon likskapar mellom Hedda Gabler og Exit? Sjå på både kvinnerolla, lykke, ulykke og fasade.


Kjelder:

Den Nationale Scene (u.å). Skolemateriell Hedda Gabler. Henta frå https://dns.no/skolemateriell/skolemateriell-hedda-gabler/

Hartmann, E.J. (2.9.2020). Den gåtefulle Hedda Gabler – En empatisk psykologisk lesning frå Psykologtidsskriftet.no.

Rogaland teater (u.å.) Hva er det med Hedda Gabler? Henta frå https://www.rogaland-teater.no/teater-stavanger/teatermagasinet/hva-er-det-med-hedda-gabler-

Ystad, V. (u.å.) Innledning til Hedda Gabler. Henta frå https://www.ibsen.uio.no/drinnl_hg%7Cintro_background.xhtml

Relatert innhald

Hvem var Henrik Ibsen, og kvifor er stykka han skreiv like populære i dag som då dei blei skrivne på 1800-talet? Få svar i denne podkasten.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Byrjinga til modernismen