Presenter i klassen
CC BY-SA 4.0Etter å ha utforska problemstillinga, skal de lage ein presentasjon og framføre for klassen.
Du er no inne i ein læringssti:
Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge
Etter å ha utforska problemstillinga, skal de lage ein presentasjon og framføre for klassen.
Korleis skal de gå fram for å lage ein god presentasjon der de svarer på ei problemstilling om Gunnlaug Ormstunge?
Tipsa under tek utgangspunkt i at de jobbar i grupper, og at de svarer på problemstillinga og støttar eller avkreftar hypotesane i løpet av ti minutt. Det krev at de droppar mykje utanomsnakk og går rett på å svare på problemstillinga. Ein lengre presentasjon av teksten er unødvendig, så lenge klassen har lese den same teksten som dykk.
Start med å presentere temaet, problemstillinga og hypotesane dykkar. Forklar i tillegg kvifor de enda opp med akkurat desse hypotesane og denne problemstillinga.
Ikkje bruk mykje tid på utanomsnakk, men prioriter tida til å svare på problemstillinga. Når de skal vise korleis de fann svar i primærkjelda, altså sagaen, bør de
vise sitat frå sagaen til dei andre elevane
drøfte korleis sitatet svarer på problemstillinga dykkar
drøfte om sitat styrkjer eller svekkjer hypotesane dykkar
Også sitat frå sekundærlitteraturen bør du vise til medelevane.
Følg opp med å kommentere sitatet: "Som vi ser, viser denne kjelda at skildringa av Helga er typisk for sagalitteraturen...." eller "Denne kjelda viser det motsette av det som skjer i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge".
Døme:
I avslutninga bør de avrunde og vende tilbake til problemstillinga og hypotesane som blei viste fram i starten av presentasjonen. Det er viktig å prøve å gi tydelege svar på desse. Men hugs at det ikkje er sikkert de finn sikre svar. Då må de gjere det klart kva som var vanskeleg å finne ut av, og kvifor det var det.