Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Blir vi aldri leie av vikingane?

Utforsk kvifor og korleis den norrøne kulturen lever vidare i tekstar i dag.

Oppgåve

Del 1

  1. Kva forbind du med vikingar og den norrøne kulturen? Skriv ned så mange stikkord du kan kome på.

  2. Kvifor inspirerer den norrøne kulturen dagens tekstskaparar? Sjå filmen over og skriv ned stikkord om det intervjuarane seier om dette.

Del 2: Kva tekstar kjenner du til?

  1. Kva for tekstar kjenner du til som på ein eller annan måte speler på den norrøne kulturen? Det kan til dømes vere filmar, spel, teikneseriar eller romanar.

  2. Del med klassen og diskuter saman: Kva slags bilete gir desse tekstane av den norrøne kulturen, og kanskje spesielt av vikingane?

  3. I kva grad stemmer biletet tekstane gir med verkelegheita – slik det faktisk var? Undersøk truverdige kjelder.

Tips til kjelder

Vikingtiden (snl.no)

Rane, bytte, kjøpe, gi (norgeshistorie.no)

Vikingferdene (norgeshistorie.no)

Del 3: Norrøne symbol og nazisme

  1. Runeskrift og norrøne symbol blir brukte av ein del nynazistiske organisasjonar. Kva kan vere årsaka til det, trur de?

  2. Samarbeid om å lese ulike kjelder som beskriv korleis norrøne symbol blir kopla til nazisme. (Sjå tips under)
  3. Korleis kan vi "ta tilbake" desse symbola? Er det viktig å gjere det?
Tips til kjelder

Når fortiden blir okkupert (argumentnett.no)

Kaos og orden (klassekampen.no)

Norrøn mytologi og åsatru har ingenting med nazistiske verdier å gjøre (aftenposten.no)

Vil ta symbolet tilbake (klassekampen.no)

Del 4: Analyse

Aleine eller i grupper – munnleg eller skriftleg:

Analyser ein tekst som direkte eller indirekte er prega av norrøn kultur. Du finn fleire forslag i artikkelen Norrøn mytologi i populærkulturen (sølvberget.no).

  1. Beskriv teksten heilt kort (tittel, medium, sjanger, tema).

  2. På kva måte er det norrøne ein inspirasjon i teksten?

  3. Gir teksten eit truverdig bilete av den norrøne kulturen? Forklar kvifor/kvifor ikkje.

  4. Kva verkemiddel blir brukte i teksten? Peik på nokre sentrale grep og bruk døme når de forklarer.

Relatert innhald

Valhall er svaret til den norrøne mytologien på himmelen. Korleis blir orda brukt i dag?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350