Utforsk sagaen i fellesskap.
CC BY-SA 4.0Les Sagaen om Gunnlaug Ormstunge saman med dei andre i klassa. Dialog og diskusjon er viktig for å auke eiga forståing.
Du er no inne i ein læringssti:
Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge
Les Sagaen om Gunnlaug Ormstunge saman med dei andre i klassa. Dialog og diskusjon er viktig for å auke eiga forståing.
.
Før du gjer denne oppgåva, bør du ha lese dei to første kapitla i sagaen og laga deg ein hypotese slik du kan lese om i ressursen "Førlesing og hypotesar om Gunnlaug Ormstunge".
Oppgåve til læringssti: Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge. Sjekk førforståinga di før du set i gong med å lese.
Les dei to kapitla og diskuter i plenum:
Var det nokon delar av desse to kapitla de reagerte på? Kvifor (ikkje)?
Kva fortel desse to kapitla om menneskesynet til vikingane?
Etter å ha lese kapitla skal de
skrive ned tre trekk som de synest karakteriserer Gunnlaug
skrive alle orda dykkar på tavla og la dei bli ståande medan de les vidare. Kjem de på nye ord i den vidare lesinga, bør de skrive dei ned.
Diskuter:
Korleis blir Gunnlaug oppfatta av menneske han møter på sin veg?
Korleis kjem Gunnlaugs eigenskapar til syne gjennom replikkane hans?
Forstår de kva som er vilkåra Gunnlaug må godta for å få Helga?
No har vi møtt dei viktigaste personane i sagaen. Vend tilbake til tolkinga dykkar av draumen og hypotesen de laga:
Vil de endre tolkinga dykkar etter å ha blitt introdusert for personane? Korleis – i så fall?
Kva personar trur de dei ulike fuglane i draumen skal symbolisere, og korleis trur de det går med personane?
Viss du vil lage ein ny hypotese, lever han inn til læraren og merk han med "hypotese 2".
Kapittel 10–14: Gunnlaug besøkjer store menn
Diskuter:
I denne delen av teksten blir det fortald om Gunnlaugs reiser og besøk hos mektige menn. Kvifor trur de forteljaren bruker mykje plass på dette?
Kapittel 14 handlar om møtet mellom Ravn og Gunnlaug. Det oppstår ein konflikt mellom dei. Fortel att kva han går ut på. Det er sentralt at du bruker orda "drope" og "flokk" for å forstå konflikten.
Vi kjem til å høyre meir om Ravn. Kva trur de han kjem til å gjere etter å ha blitt audmjuka av Gunnlaug?
Diskuter:
Kvifor trur de Ravn ber om å få gifte seg med Helga?
Korleis kjem Gunnlaugs kjensler for Helga fram i kapitla?
Kva trur de Gunnlaug kjem til å gjere om Ravn får gifte seg med Helga i staden for han?
Kapittel 17–18: Helgas opprør
Kvinnene har førebels spelt ei passiv rolle i sagaene, men i desse kapitla kjem Helgas kjensler til syne. Korleis?
Helga har hatt liten påverknad på eige liv, men i ein liten del av teksten ser vi at ho kan påverke ekteskapet sitt. Korleis?
Ravn fortel om ein draum i eit kvad til Helga. Kva trur de draumen skal bety?
Kapittel 19–22: Første holmgang
Kva fortel desse kapitla om korleis vikingar på Island og i Noreg løyste interne konfliktar?
Framfør kapittel 23 som eit skodespel for kvarandre.
Diskuter kva rolle omgrepa ære, skam, svik og ettermæle speler i dette kapittelet.
Korleis viser desse kapitla at islendingar løyste konfliktar mellom ættene?
Kva synest de det siste kapittelet seier om stillinga for kvinnene på Island på 1000-talet?
Ta fram igjen hypotesen de laga etter å ha lese Torsteins draum i kapittel 2. Har nokon klart å lage ein hypotese som stemmer?
Skriv i 20 minutt om spørsmåla under. Målet er å skrive fritt og mykje. Du treng ikkje tenkje over setningsoppbygging, staving og så vidare.
Korleis var det å lese ein tekst som er så gammal? Var det noko ved teksten du blei ekstra interessert i?
Beskriv det vikingsamfunnet du nettopp har lese om. Du vel sjølv kva du vil leggje vekt på.
Kva er dei viktigaste forskjellane du har lagt merke til ved menneske og samfunn på 1000-talet og i dag?
Er det nokon likskapar mellom oss på 2000-talet og mellomaldermennesket?
Diskuter svara dykkar på dei fire spørsmåla over i grupper.