Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Beskriv miljø-epoken i retrospektiv

Tenk deg at du står i 2050. Du er omtrent 50 år og ser tilbake på ungdomstida di. Kva kjenneteiknar denne epoken? Finn opp ei stilretning frå epoken og beskriv han.
Eit knust egg måla som jorda. Illustrasjon.

I mange samanhengar kan det verke opplagt at vi kjem til å sjå tilbake på tida vi lever i no som miljø-epoken. Heilt sikre kan vi likevel ikkje vere før vi ser ei god stund tilbake i tid. Vi kan ha eit blikk på den greske antikken eller art nouveau, men det er ikkje mogleg å ha det på vår eiga tid. Derimot går det an å late som.

Oppgåva

Samarbeid gjerne i grupper. De står dessutan fritt til å dikte opp innhald som de blandar med fakta.

1. Forarbeid: Diskuter og forstå

  • Diskuter og forstå kva ein epoke er, og kva ei stilretning er.
  • Kom med konkrete eksempel på tidlegare historiske epokar og stilretningar.
  • Vel ein eller to stilretningar de bruker som referanse.

2. Hovudarbeid: Utforsk, finn opp og beskriv

Tenk dykk at de er i framtida og ser tilbake på vår tid. Ho blir kalla for miljø-epoken. Korleis var den tida?

  • Kva var folk opptekne av?
  • Kva sa og gjorde politikarane?
  • Kva kjenneteikna den teknologiske utviklinga? Kva var typiske estetiske kjenneteikn ved medieuttrykk, stiluttrykk, kunstverk og arkitektur?

Finn opp ei stilretning frå miljø-epoken, og beskriv tolkinga dykkar av ho. Ta gjerne utgangspunkt i skildringar av stilretningar frå NDLA eller frå Store norske leksikon.

  • Stilretninga dukka opp i ... som ein reaksjon på ...
  • Skaparen av dette verket gir uttrykk for ... gjennom ...
  • Ideen var å få fram ...
  • Sentrale personar var ...

Kva er typiske eksempel i stilretninga dykkar? Bruk biletsøk og finn eksempel på medieuttrykk, stiluttrykk, kunstverk og arkitektur de kan bruke i skildringa.

3. Lever

Bli samde med læraren om kor lang skildringa skal vere, fordeling av arbeid i gruppa og tidsfristar.

Nyttige spørsmål å ta med i arbeidet

Tre elever snakkar saman rundt ein notatbok. Foto.
  • Verkar stilretninga dykkar truverdig? Har de gode eksempel og logiske forklaringar? Om nødvendig, test ut på andre grupper og gjer justeringar.
  • Skriv de godt? Les høgt for kvarandre, juster ordstillingar der det trengst, og kort ned lange setningar.
  • Brukar de fagomgrep og framandord riktig? Ta ein sjekk på andre, og forklar nærare der det er nødvendig.
  • Skriv kjeldelister for faktakjelder de har brukt.

Kilde

Persvold, A. Z. (2019, 26. februar). Epoke. I Store norske leksikon. Henta 19. mars 2020 frå https://snl.no/epoke

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020