Hopp til innhald

Fagstoff

Multilineær forteljing

Ein multilineær hypertekst rommar fleire parallelle forteljingar som forgreinar seg i eit nettverk. Ein kan strukturere multilineære tekstar på ulike måtar, men det må vere råd å følgje ein raud tråd gjennom presentasjonen.
Bilde av en nettside i webdokumentarenThe Places We Live . Skjermdumper.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan styre brukarane si oppleving, eller vi kan velje å overlate noko av kontrollen over utviklinga i forteljinga til mottakarane.

Multilineære framstillingar på web

Presentasjon av ei forteljing i eit digitalt nettverksmedium (web) består av eit nettverk av nodar, kopla saman med lenkjer. I mange tilfelle er det ikkje avsendaren som lenkjar saman informasjonen, det kan like gjerne vere ein annan person som på eige initiativ lenkjar sin tekst opp til delar av den presentasjonen som ein avsendar har lagt på nettet.

I motsetning til tradisjonelle medium, der forteljinga er fastlagd, kan ein hypertekst romme fleire parallelle forteljingar som forgreinar seg i eit nettverk. Slike forteljingar blir gjerne kalla multilineære.

Når vi skal lage ei multilineær framstilling, må vi tenkje gjennom fleire problemstillingar:

  • Må vi stille oss annleis til den røyndommen vi hentar historiene våre frå? Ein dokumentar handlar gjerne om å peike på nokre fenomen og hendingar i samfunnet, som vi meiner er viktige. Korleis får vi dette fram?
  • Kva er konsekvensane av at publikum er «medskaparar»? Kan vi ha ein offentleg diskusjon dersom alle tek utgangspunkt i ulike framstillingar?
  • Korleis kan ein fortelje «autentiske» eller «sannferdige» historier dersom ein ikkje er sikker på at publikum får med seg alle delane?

Struktur i multilineære forteljingar

Naturlegvis finst det ikkje noko endeleg svar på desse spørsmåla, men vi må likevel ha dei i bakhovudet når vi set saman produksjonar på web.

Vi kan tenkje på den store forteljinga (produksjonen som heilskap), som ei samansejting av mindre forteljingar, der kvar del er konstruert slik at han kan lesast åleine, og likevel gi tilskodaren ei oppleving og formidle meining.

Desse kortare forteljingane må vi så forsøkje å knyte til ein «raud tråd», noko som kan fungere som eit strukturerande prinsipp. Dette kan vere stader, personar, tidsliner, definerte tema eller liknande.

Dispositio

Ein kan bruke det retoriske omgrepet dispositio om korleis vi vel å arrangere dei ulike delane av fortelljnga. Sidan vi ikkje har full kontroll over rekkjefølgja i ein hypertekst, må vi introdusere nokre element som gir oss kontroll over delane.

Jonas Bendiksen sin prislønte webdokumentar The Places We Live kan vere eit førebilete med sin enkle komposisjon. Strukturen er utan tvil eit resultat av bevisste val.

Figuren nedanfor illustrerer ein modell som ofte blir brukt, der ein set eit utval nodar i samanheng og knyter desse særleg tett saman.

Figur som viser multiliniær struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg ein situasjon der dei grøne og raude punkta i figuren representerer enkelte websider, og at brukaren kan navigere mellom dei grøne nodane (kjernane) via globale lenker. Dei er plasserte i ei form for hovudmeny, og deretter navigerer ein innanfor ein sekvens ved hjelp av interne lenker i presentasjonen, for eksempel knytte til tekstpeikarar.

I ein meir tradisjonell dramaturgisk modell kan kjernane (dei grøne punkta i figuren) knytast til plottpunkta – dei stadene i handlinga der forteljinga tek ei ny vending.beveger

Fridom eller kontroll?

I tradisjonelle medium, som papirmedium, film og radio, er det eit samanfall mellom forteljinga si tid og/eller den romlege utstrekninga (fordeling av element på flater). I utgangspunktet kan det derfor verke som om det er ein motsetnad mellom ei kontrollert framstilling, som jo er ein føresetnad for å kunne snakke om retorikk og aristotelisk dramaturgi, og hypertekstar, der nodane er lenka saman slik at brukaren sjølv kan velje ulike vegar gjennom innhaldet.

Men dei aller fleste hyperstrukturar er konstruerte, det vil seie at ein avsendar har bestemt dei vala som brukaren blir presentert for. Dermed kan den som lagar ein hypertekst, velje å leie brukaren i ei bestemt retning, gjennom å bevisst leggje til rette for bestemte moglegheiter for val. Brukaren kan dermed ha ei oppleving av å gjere ei rekkje val, medan det frå avsendaren sin ståstad er tydeleg at vala uansett leier i ei bestemt retning.

Figur som viser multiliniær struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

The Places We Live nyttar Flash som publiseringsløysing. Det inneber i dette tilfellet at vi berre kan lenkje til byrjinga av presentasjonen, ikkje til dei enkelte delane. Mange vil oppleve dette som frustrerande, men det gir også avsendaren større kontroll. Her veit ein at alle vil komme inn til presentasjonen via framsida.

Dersom dei enkelte delane hadde vore bygde opp som sjølvstendige nodar, til dømes i form av websider, ville ein kunne lenkje inn til presentasjonen av dei enkelte stadene og til kvar person. Dette har mange fordelar, ikkje minst dersom vi ønskjer å leggje til rette for ei vidareformidling av innhaldet vårt på nett. Samtidig er prisen vi betaler, mindre kontroll med korleis brukarane beveger seg på nettstaden.

Figur som viser multiliniær struktur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Lag ein enkel webdokumentar over eit sjølvvalt emne ved hjelp av webbasert multimedia.

CC BY-NC-NDSkrive av Jon Hoem og Mediana.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Fleirmedial historieforteljande journalistikk