Hopp til innhald

Fagstoff

Utforsking av ei interaktiv historie: Pus med støvlar

Den interaktive historia om Pus med støvlar har mange moglege hendingsforløp. Sjå strukturen steg for steg.
Pus med støvlar går ved eit hus i middelalder-stil. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal du få sjå på strukturen i Pus i den magiske boka: fanga i eit eventyr (2017). Han er regissert av Roy Burdine og Johnny Castuciano for Netflix. Starten har ruter-struktur der kvart val har to alternativ, og når du har valt alternativ 1a (Sloss mot ein gud) eller alternativ 1b (Kjemp mot eit tre) endar du uansett opp same stad: val 2. Sånn fortset det vidare til det fjerde valet.

Interaktiv struktur i starten av Pus med støvlar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå symmetrisk ruter-struktur til ein friare struktur

Frå val 4 skjer det litt mer drastiske endringar. Følgjer du banen til 4a til venstre og vidare, fortset ruter-strukturen i hovedsak. Her kan du bestemme noko av handlinga undervegs, samstundes som historia følgjer ein hovudtråd.

Om du går for 4b (Vond dronning) er du plutseleg få steg unna slutten. Val 5c (Finn dronninga) og 5d (Pinlig kyss) gjer same historie vidare som langt nede i strukturen til venstre etter 4a (Kattepirat). Då går du heilt ned til 11a (Vond dronning). Valalternativa her er dei same som under 4b, men det er litt ulike ordval; 12a (Dronning) og 12b (Kysse dronning).

Strukturen blir drastisk endra ved val fire i fortellingja om Pus med støvlar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mot slutten er det to ulike løp. Uten å røpe for mykje, startar begge sluttane i same miljø, men det er to ulike utgangar. Dei lange, bogeforma strekane som går frå 5c (Finn dronninga) og 5d (Pinleg kyss) går heilt til 12a (Dronning) og 12b (Kyss dronning). For å få slutt 1 må du gå via 4b eller vidare ved 11a. Går du for 11b (Slutten), kjem du til slutt 2.

Struktur slutten av Pus med støvlar. To moglege sluttar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Korleis vil du beskrive strukturen i "Pus i den magiske boka: fanga i eit eventyr"?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2020

Læringsressursar

Fleirmedial historieforteljande journalistikk