Hopp til innhald

Fagstoff

Dramaturgi i medieuttrykk

Læra om korleis ein bygger opp ei forteljing, kallar vi dramaturgi. Det er konfliktane mellom aktørane som driv forteljinga framover.
Resymé av NRK Skole-video om dramaturgi

Dramaturgi handlar om korleis du fortel og set saman ei historie. Det er som å bygge hus med byggeklossar – korleis set du dei saman? Resultatet blir ulikt frå gong til gong, avhengig av korleis du set byggeklossane saman.

Eit eventyr kan til dømes gå frå A til Å, men du kan fortelje det på ein annan måte også. Du kan starte med ei spennande scene som skjer langt uti handlinga, for å gjere publikum interessert i å vite kva som skjer. Då byter du om byggeklossane dine.

Det er viktig å ha eit tydeleg anslag, så folk blir trekte inn i historia og skjønnar kva det handlar om. Etter anslaget kan historia utfalde seg, og vi kan bli kjende med karakterane og kva som står på spel. Spenninga bygger seg opp trinn for trinn.

Det er lurt å ikkje ha for mange karakterar. Prøv å plassere ulike typar karakterar i scena, slik at dei ikkje liknar for mykje på kvarandre. Prøv også å tenke over kor mange skodespelarar du treng for å få fortalt historia. Gjer det enkelt.

Eit manus må ha nokre overraskingar og spenningstoppar, og karakterane må ha hemmelegheiter. Det må skje ting som vi synest er spennande.

Det er vanskeleg å få avslutninga til å gå opp. Alle trådane du legg ut, må nøstast opp, slik at vi skjønnar kvifor karakterane handla som dei gjorde undervegs. Dersom ein lurer på kvifor ein karakter var så rar, og ein ikkje får vite det, blir ein utilfreds.

Tydelege karakterar

Aktørane i ei forteljing kallar vi karakterar. Dynamiske karakterar utviklar og forandrar seg i løpet av handlinga. Statiske karakterar forandrar seg ikkje. Ei god forteljing er avhengig av klare konfliktlinjer. Hovudpersonane i medieforteljingar framstår derfor med markante karaktertrekk. Dei er gode, kloke, slemme eller dumme. Journalistiske forteljingar fokuserer oftare på enkelpersonar (case) enn på meir diffuse aktørar som organisasjonar eller institusjonar.

Konfliktar skaper spenning

Ein god forteljarstruktur skaper engasjement og innleving. Er du ein av dei som lar deg rive med av bloddrypande vampyrfilmar? Då er du sikkert ein som ikkje slår av TV-en før filmen er ferdig. Forteljinga er så spennande at du berre sjå slutten.

Læra om korleis ein bygger opp ei forteljing, kallar vi dramaturgi. I boka Poetikken beskreiv Aristoteles allereie i år 335 f.Kr. korleis konfliktane mellom hovudpersonane i eit drama driv handlingsforløpet framover. I dag ser vi dei same prinsippa nytta i mange ulike medieforteljingar. I spelefilmen Kon-Tiki vart manusforfattaren nøydd til å innføre ein oppdikta konflikt mellom Heyerdahl og ein av besetningsmedlemmene for å skape framdrift og spenning i forteljinga. Verkelegheita var faktisk for kjedeleg!

Det same konfliktbiletet og den same spenningsutviklinga blir også brukt innan journalistikken. I forbrukarserien TV 2 hjelper deg (1994–2022) møtte vi eitt eller fleire offer (forbrukarar) som hadde blitt lurt av "vonde krefter" i marknaden. TV 2 opptredde som den gode hjelparen i forteljinga som trinn for trinn avslørte skurken. Som andre TV-forteljingar enda også denne med at offeret fekk oppreising.

Planting og hausting

Ei god historie må kunne overraske mottakaren. Men det bur ein detektiv i oss alle. Derfor elskar vi forteljingar som gir små hint om det vi har i vente. I norskfaget blir dette ofte kalla frampeik. I mediefaget snakkar vi om planting og hausting. På engelsk bruker dei omgrepa set-up og pay-off. Som mottakarar opplever vi det djupt tilfredsstillande når det vi berre har ant etter kvart, viser seg å stemme. Det var butleren som stal sølvlysestaken. Og det var statssekretæren som juksa med søkarlista.

Hollywood-modellen

I spelefilmar og romanar kan forteljaren bruke lang tid på å introdusere hovudpersonane og konfliktane. Denne delen blir derfor kalla introduksjonen. Konfliktane blir deretter trappa langsamt opp mot eit høgdepunkt (klimaks). Denne delen blir kalla komplikasjonen. I den avsluttande delen av forteljinga, resolusjonen, blir spenninga utløyst, og alle brikkene fell på plass.

Illustrasjon av eit kurvediagram. Diagrammet viser korleis spenninga i ei forteljing aukar frå anslag til klimaks via presentasjon, opptrapping og vendepunkt, før spenninga blir tona ned med konfliktløysing fram mot avslutninga.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange spelefilmar ein bygde opp på denne måten. Derfor er det vanleg å kalle denne dramaturgiske modellen for Hollywood-modellen.

Episodisk forteljemåte

Ein episode i ein føljetong har eit anna forteljingsmønster. Her er det om å gjere å avslutte kvar episode på ein måte som gjer tilskodaren eller lesaren ekstra spent på kva som skjer neste gong. Episoden sluttar derfor når spenninga er på topp.

Den episodiske forteljarmåten er mest vanleg på TV, men vi finn han også i avisjournalistikk. Når VG avslører ei sak, kan vi vere sikre på at det kjem ein ny "episode" neste dag som er endå meir dramatisk. Ofte utviklar nyheitsdramaet seg over tid, heilt til ein eller annan politikar eller bedriftsleiar må ta hatten sin og gå.

Ein vanleg nyheitsartikkel er bygd opp etter prinsippet om fallande viktigheit. Ein slik komposisjon fører til at mange berre les overskrifter og ingressar. Featurejournalistikk har ei tydelegare spenningskurve som gjerne blir kalla "fisken". Bitet (ingressen) grip fatt i oss, hovudteksten leier oss fram til auka forståing, og avslutninga blir opplevd som om fisken slår ein snert med halen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel