Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegg innhald for mobil

Kva er viktig å tenkje på når du skal planleggje og utvikle ein app eller ei nettside for mobil?
Hender med ein smarttelefon. Symbol og ikon rundt omkring, mellom anna ein kaffekopp, ein rakett, eit mikroskop, eit søylediagram, ei lyspære, ei regnsky, ein krøllalfa, ein open konvolutt, ein hengjelås, ein mann- og damefigur, ein fastnøkkel og eit skrujern, tannhjul, ein jordklode. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle bruker mobil

Tal frå Norsk mediebarometer 2020 viser at 96 prosent av befolkninga har smarttelefon, og 85 prosent av befolkninga er på internett dagleg med mobiltelefonen. Du kjem altså ikkje utanom smarttelefonen når du skal designe og gjere innhald tilgjengeleg på nett.

Skal du lage ein app eller ei nettside for mobil, må designet vere . Då finn brukaren fram med ein gong og slepp å lære navigasjonen på nytt til neste gong. Dermed vil han eller ho kome tilbake til appen eller nettsida.

I utviklinga av appen eller nettsida må du ta ulike omsyn. Nokre gjeld utvikling av innhald for datamaskin, andre er spesifikke for mobiltelefonen.

Omsyn uavhengig av flate

  • Nettsida skal vere lett å forstå for brukaren.

  • Det skal vere lett å kome fram til viktig innhald og løyse sentrale .

  • Nettinnhaldet bør vere .

  • Viktig innhald bør kome først.

  • Leseretninga skal normalt vere frå venstre til høgre og nedover.

  • Knappar, lenkjer og menyar skal vere tydeleg klikkbare.

  • Brukaren skal vere orientert om kva nettside han eller ho er på, kvar i hierarkiet han eller ho er, og korleis ein navigerer på sida.

Omsyn som er spesifikke for mobilflata

Person held ein mobil med grafikk og sit ved ein arbeidsplass med to dataskjermar. På den eine skjermen er det bilete av ulike personar, og på den andre skjermen er det eit stolpediagram og eit verdskart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Flata er mindre og gjer at det er færre val og mindre innhald som er synleg samtidig enn på skjermen til ei datamaskin.

  • Det er eit ståande (vertikalt) format.

  • Brukaren navigerer med fingrane, trykkjer på knappar og navigerer sidelengs og nedover med tommelen.

  • Brukaren kan vere i farta og les mindre på mindre tid.

  • Skriving av lange tekstar kan vere vanskeleg for brukaren.

Å lese tekst på mobil

Det kan vere vanskeleg å lese tekst på ein mobil fordi flata er så mykje mindre enn på ei nettside på datamaskina. Det tek lengre tid å lese tekst på ein liten skjerm. Minnet til personen som les, er viktigare for å forstå og henge med. Tekstar blir lesne nedover med skrolling. Mykje tekst gir mykje skrolling.

Prioriter innhaldet og la det viktigaste vere synleg og kome først. Mindre viktig innhald kan plasserast ein mindre synleg stad eller kuttast. Vurder å legg delar av teksten i ekspanderbare boksar.

Det er viktig å bruke mellomtitlar med ulike slik at det blir universelt utforma og lett for brukaren å orientere seg i ein tekst. Lange tekstar med mange moment kan gjerne delast opp med punktlister; det gir god lesbarheit på mobil.

Tips til design for mobilskjerm

  • Lag eit design som er lett å forstå, og som ikkje forvirrar.

  • Innhaldsflata, den store flata i midten på mobilskjermen, er sentral. Viktig innhald må liggje lett synleg her.

  • Knappar og lenkjer må vere synlege og store nok til å bli trykt på. Det må vere tydeleg at dei er klikkbare. Bruk godt med luft mellom klikkbare element.

  • Det er mindre vanleg med store menyar i mobildesign, for det stel viktig plass på den vesle flata. Ein tendens er å lage uttrekkbare menyar, til dømes ein . Han er ofte plassert oppe til høgre eller nedst på sida.

  • Viss det skal vere ein trekk-ut-meny, er det viktig at knappen er lett å forstå.

  • Ikon kan vere ei god støtte til meny- og innhaldsknappar. Bruk universelle ikon som brukaren kjenner igjen frå andre appar, slik som at eit hus er heim-knappen.

  • Gjer sida skannbar, kombiner tekst og visuelle element, bruk titlar, og uthev sentrale ord.

Kjelder

Nielsen, J. og Budiu, R. (2013). Mobile Usability. New Riders Publishing.

Krug, S. (2014). Don't Make Me Think, Revisited. A Common Sense Approach to Web and Mobile Usability. New Riders Publishing.

Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Fakta om Internett og mobiltelefon. Henta 18. desember 2021 frå https://www.ssb.no/teknologi-og-innovasjon/faktaside/internett-og-mobil

Statistisk sentralbyrå. (2021, 27. april). Norsk mediebarometer. Henta 18. desember 2021 frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/tids-og-mediebruk/statistikk/norsk-mediebarometer

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021

Læringsressursar

Planlegging og vedlikehald av nettinnhald