Hopp til innhald

Fagstoff

Innhaldsstrategi for nettstader

Innhaldsstrategien for ein nettstad viser noverande status for nettstaden til ei bedrift, og korleis bedrifta ønskjer at nettstaden skal vere i framtida. Dei tiltaka som må gjennomførast for å kome dit, blir viktige punkt å ha med i innhaldsstrategien.
Illustrasjonen viser eit bygg med teksten "Fiktivfjord kommune". Det går ein veg som slyngar seg frå nedre venstre hjørne til øvre høgre hjørne. Langs vegen står det kulepunkt med tekst som "i dag" "+ 1 månad", "+ 3 månader" og "+ 6 månader". Ved det siste punktet står det mål.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme: Fiktivfjord kommune treng innhaldsstrategi

Fiktivfjord kommune opplever svært mange telefonførespurnader frå innbyggjarar som treng hjelp til å løyse oppgåver dei eigentleg kunne ha løyst sjølve på nettsidene. Det gjeld mellom anna bestilling av timar, utfylling av søknadsskjema og det å finne spesifikk informasjon.

Illustrasjonen over viser no-situasjonen til nettstaden til Fiktivfjord kommune, og det som er ønskt situasjon eit halvt år fram i tid.

Dei tilsette bruker i snitt ti minutt per telefon. Kommunen har rekna ut at éin tilsett bruker heile arbeidsdagen (7,5 timar) på å betene telefonen. Samtidig er telefonen stort sett er oppteken. Dette gjer det vanskeleg å kome gjennom for dei som verkeleg treng å snakke med nokon i kommunen.

Situasjonen må endrast. Kommunen lagar derfor ein innhaldsstrategi. Følgjande sentrale mål skal vere oppfylte innan eit halvt år:

  • Færre skal ringje kommunen for å få hjelp med oppgåver dei kan løyse sjølve.

  • Ti kjernesider får nytt design og blir meir synleg plasserte.

  • Gammalt, dårleg innhald som ikkje er relevant, blir fjerna.

  • Fleire skal bruke nettsidene for å sende inn søknader, finne informasjon og bestille timar (frå 60 prosent til 80 prosent av søknadene).

  • Kundetilfredsheita skal auke frå 1,7 til 3,5/5.

Utarbeid ein innhaldsstrategi

Når du utarbeider ein innhaldsstrategi for ein nettstad, må det kome klart fram kva som er føremålet med innhaldet. Korleis finn brukarane fram til nettstaden, og kva for innhald og oppgåver treng dei?

Vidare må det vere tydeleg korleis innhald skal produserast, for å forvalte og vedlikehalde innhaldet. Nokon må ha ansvar for det i verksemda, og det må vere teke høgd for i budsjettet.

Det kan vere mange grunnar til at ei verksemd eller ein organisasjon skal prioritere arbeidet med ein innhaldsstrategi for nett. Det kan vere fordi dei ønskjer å

  • tilby betre tenester

  • kommunisere viktig innhald

  • få færre telefonførespurnader

  • byggje relasjonar med kundar

  • kome i kontakt med kundane

  • selje meir

Set konkrete mål

Kva for mål har de for innhaldsstrategien? Finn ut kva måla er. Det kan vere at de ønskjer at sidetrafikken skal auke med 20 prosent på tre månader, at 1 000 personar skal laste ned eit oppskriftshefte, eller at fleire skal bestille frisørtime på nett i staden for å ringje. Dette er døme på konkrete mål som kan samanliknast før og etter det er gjort endringar på nettsida.

Kven har ansvar for kva, og når?

Kven har lov til å publisere, og kven har ansvar for å vedlikehalde innhaldet? Kor ofte skal innhaldet sjekkast?

Nokre nettstader har mange som får publisere innhald. Det går kort tid frå ein skribent lagar eit innhald til det blir publisert. Samtidig kan det bety at det blir ei stor mengd nettinnhald som har ulik stil og tone på same nettstad.

Med ein innhaldsstrategi kan ein sikre ei heilskapleg tilnærming. Kvalitetskriterium kan vere gjeldande for alt innhaldet som blir publisert.

Døme på kvalitetskriterium for innhaldet på ein nettstad:
  • Innhaldet skal vere relevant for brukaren og blir oppdatert/kvalitetssikra kvart halvår.

  • Tittelen er tydeleg og relevant.

  • Den skrivne teksten følgjer retningslinjene til Språkrådets klarspråksider.

  • To personar skal kvalitetssikrer fagleg innhaldet.

  • Grafikk, foto og video er .

Innhaldsstrategien til Helsenorge.no 2017–2020

Frå 2016 til 2017 vart det utvikla ein innhaldsstrategi for innhaldet på nettstaden Helsenorge.no.

I innleiinga står det at verksemda har svært mange sider på nettstaden. Dei utvikla ein innhaldsstrategi for å

  • få ein heilskapleg stil

  • vere til nytte for personar i målgruppa

  • innfri kvalitetskriterium (oppdatert, tilgjengeleg, relevant og brukarorientert, etterprøvbart og kunnskapsbasert)

  • utvikle innhald på nettstaden i tråd med andre strategiar

Etter at innhaldsstrategien vart laga, vart punkta nedanfor viktige arbeidsoppgåver for dei som jobbar med nettinnhaldet til Helsenoreg.no. Dei skal

  • heve kvalitet på tidlegare publisert innhald

  • slette innhald som ikkje er relevant

  • lage redaksjonell rettleiing

  • lage og ta i bruk ny metadatastruktur

  • lage brukarsentrert innhald

  • forbetre navigasjonen på nettsidene

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E.H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Direktoratet for e-helse (2017). Innholdsstrategi helsenorge 2017–2020. (PDF). https://media.helsenorgelab.no/documents/Helsenorge-Innholdssstrategi_v1.0.pdf

Språkrådet. (2022, 7. januar). Bruk klarspråk. https://www.sprakradet.no/Klarsprak/

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2021

Læringsressursar

Planlegging og vedlikehald av nettinnhald