Oppgave
Ranger brukaroppgåvene
Kva er du og andre interesserte i å finne ut av når de går inn på nettstaden til ein restaurant? Bestem kva som er dei sentrale brukaroppgåvene på nettstaden, og ranger desse.
Kva brukaroppgåver er viktige, synest du? Samanlikn svaret ditt med svaret til ein medelev.
Kva konsekvensar bør prioriteringa av brukaroppgåver ha for kva som ligg på framsida på nettsida til restauranten?
Kva slags innhald er nyttig å ha på nettsida, men kan plasserast mindre synleg?
Kva slags innhald er unødvendig på ein restaurantnettstad?
Relatert innhald
Fagstoff
Kva vil nettbrukaren eigentleg ha?Lag ei nettside som er enkel og brukarvennleg og lèt brukaren raskt finne det han eller ho treng.