Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lytt og ta notat om målgruppetenking

Du samarbeider med andre i eit produksjonsprosjekt og har fått ansvar for å arbeide med målgrupper.
  1. Sjå gjennom dei to filmane nedanfor og ta notat.
  2. Kva seier dei to tilsette i mediebransjen om korleis dei jobbar med målgrupper på arbeidsplassane sine?
  3. Sorter i prioritert rekkjefølgje kva du meiner er viktigast i det dei fortel.
  4. Vis lista di til dei andre i gruppa og bli einige om kva tilnærmingar til målgruppetenking de kan bruke i prosjektet de arbeider med.

Ingerid Nordstrand er redaktør i kulturavdelinga i NRK

Emma Julie Jensen er grafisk designer og ekspert på sosiale medium i designbyrået Anunatak

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper