Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Kommunikasjon utan bruk av ord kallar vi ikkje-verbal kommunikasjon. Nokre forskarar hevdar at over 90 % av all kommunikasjon som går føre seg ansikt til ansikt, er ikkje-verbal.
To personar står mot kvarandre. Den eine held handa fram, den andre står med armane i kors. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva gjer det med kommunikasjonen om han du prøver å kommunisere med, unngår augekontakt eller står med armane i kors? Kva kan ei lita rykking rundt auget bety? Betyr eit smil det same i alle situasjonar? Kvar nær den andre er det naturleg å stå når du snakkar med nokon?

Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

Mykje av det vi kommuniserer med andre, gjer vi ved hjelp av ikkje-verbal kommunikasjon, eller ikkje-verbale signal. Vi kan seie at dette er kommunikasjon som skjer utan bruk av ord. Når vi snakkar om ikkje-verbal kommunikasjon, tenkjer vi kanskje først og fremst på kroppsspråket, men det finst òg andre former for ikkje-verbal kommunikasjon, som bruk av avstand til dei vi kommuniserer med, og dessutan måten vi seier noko på. Ei breiare forståing av ikkje-verbal kommunikasjon kan òg inkludere til dømes kunst, teater, ballett, musikk, matematikk og skjønnlitteratur (Dahl, 2001). I kommunikasjons- og kultur-faget skal vi fokusere på ikkje-verbal kommunikasjon som gjer seg gjeldande i situasjonar der menneske møtest ansikt til ansikt.

Vi lærer kodar og reglar

Kodar og reglar for ikkje-verbal kommunikasjon blir ofte lærte i samspel med andre. Heilt frå vi er små, plukkar vi opp fakter, ansiktsuttrykk, stemmebruk og liknande frå menneske rundt oss. Vi lærer til dømes betydinga av måten noko blir sagt på, og kva som er passande avstand til andre menneske i ulike kommunikasjonssituasjonar. Vi tileignar oss med andre ord mange av kodane i den ikkje-verbale kommunikasjonen gjennom .

Tenk over:

Kva reglar for ikkje-verbal kommunikasjon gjeld i klasserommet eller på skulen? Korleis har du lært desse reglane?

Tolking og forståing

Til liks med verbal kommunikasjon handlar òg ikkje-verbal kommunikasjon om å avkode og å tolke teikn. Dersom vi deler dei same kulturelle kodane med den eller dei vi kommuniserer med, skjer tolkinga ofte umedvite og utan at vi tenkjer over det, og vi forstår kva den andre meiner. Dersom vi derimot ikkje deler dei same kulturelle kodane, kan avkodinga og tolkinga ofte vere feil. Når det gjeld til dømes kroppsspråket, så er ikkje dette automatisk universelt. I Bulgaria blir det å nikke tolka som eit nei, medan det å riste på hovudet betyr ja. Dette kan opplevast forvirrande for dei som gjer det motsette, sidan teikna i seg sjølv ikkje har ei fast betyding. Ikkje-verbal kommunikasjon kan føre til misforståingar viss dei ikkje-verbale teikna blir tolka og blir forstått på ein annan måte enn det var meint frå avsendaren si side.

Kunnskap om og forståing for bruk av ikkje-verbal kommunikasjon vil vere nyttig i mange ulike kommunikasjonssituasjonar.

Tenk over:

Kva signaliserer du med kroppsspråket ditt akkurat no? Blir det oppfatta på same måte av alle, trur du?

Har du opplevd situasjonar der den ikkje-verbale kommunikasjonen vart tolka på ein annan måte enn det avsendaren meinte? Kva skjedde?

Kjelder:

Dahl, Ø. (2009). Møte mellom menneske. Interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

Dypedahl, M. & Bøhn, H. (2017).Vegen til interkulturell kompetanse (2. utg). Fagbokforlaget.



CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper