Hopp til innhald

Fagstoff

Den semiotiske trekanten

Jobbar du profesjonelt med formidling av bodskapar, må du vere god på å forstå kva betydning ulike teikn har, og kva betydning dei får når dei blir sette saman. Den semiotiske trekanten er ein modell som forklarer betydning og tolking av teikn, og som hjelper deg eit stykke på vegen.

Den semiotiske trekanten er ein modell som forklarer korleis vi dannar oss ei meining, gjer ei tolking, med utgangspunkt i at teikn har ei betydning. Teikn kan vere grafiske element, bilete, lyd, ord – alt vi bruker for å kommunisere med kvarandre.

Den semiotiske trekanten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modellen kan forklare at du tenkjer på sola fordi du ser eit teikn som liknar på ei sol i vêrvarselet på fjernsynet. Om du kjem over eit teikn som er ukjent for deg, vil du (og alle menneske) automatisk trekkje ei kopling mellom teiknet og røynda og prøve å gjette deg til ei meining.

  • TEIKN: teiknet som blir lese, høyrt eller sett
  • TANKE/FØRESTILLING: det som blir forstått
  • TING/RØYNDA: det som teiknet står for, det som finst i røynda, blir òg kalla referent

Døme

Bilete og visuelle symbol

Over ein syklande sterkperson er det ein raud sirkel med ei raud diagonal linje over. Illustrasjon.
Ein hund med tjukk pels pesar med tunga langt ute. Foto.

Trafikkskilt er laga og innlærte i kulturen vår for å regulere trafikk. I trafikken er det viktig at kommunikasjonen er presis og ikkje til å misforstå. Trafikkskilt må gi presis forståing.

Skiltet betyr sykling forbode. Det forstår du (tanke/førestilling) fordi du ser ein raud sirkel med diagonal linje over ein person på sykkel (teiknet/symbolet). Røynda (referenten) er at det er forbode å sykle.

Fotografi gir ofte mindre presise førestillingar og kan ofte tolkast på fleire måtar. Sjølv om biletet er av ein border collie, kan vi fort danne oss ulike historier. Mange hunderasar gir oss ei utvida førestilling knytt til hundar, som handlar om sauar, gjeting og beitemark. Er hunden på tur med eigarane sine, kanskje? Har han nettopp sprunge, eller er det kanskje varmt, sidan tunga heng så langt ut?

Når vi vel bilete som medieuttrykk, eller som element i medieuttrykk, er det viktig å kunne vere open og sjå at bilete kan tolkast på mange ulike måtar. Bilete må ofte veljast med omhu. Kunnskap om den semiotiske trekanten kan hjelpe deg å bli meir medviten.

Tale- og skriftspråk

Ser du bokstavane H – U – N – D, vil du lese det og forstå det som ein verkeleg hund, ordet vil vekkje tanken om eit dyr av eit særskilt slag, på fire bein med hale. Det same skjer om du les det på engelsk, D – O – G. Bokstavar og ord må lærast for å bli forstått.

I talespråket er orda og rekkjefølgja dei opptrer i, meiningsberande. Vi forstår kvarandre først og fremst fordi vi snakkar same språk. Men kva skjer når vi møter menneske som snakkar eit anna språk enn norsk? Berre høyr her:

kǒngpà bù xíng

0:00
-0:00

Ich höre gern Musik

0:00
-0:00

Det første lydeksempelet er på kinesisk, og det andre er på tysk. Det kinesiske dømet gir deg truleg lite å hengje forståinga på – med mindre du kan kinesisk, vel å merke. Tysk språk og kultur er mykje nærmare norsk enn kinesisk. Dermed er det kanskje mogleg å kjenne att nokre ord og kanskje til og med ha referansar til det det blir snakka om. Stemmer ikkje det, synest du?

Lytt til døma ein gong til

I det tyske dømet høyrer vi om Eminem. Den tyske ordlyden Eminem er symbolet. Du får opp førestillinga om eller tanken på Eminem. Den verkelege Eminem er referent.

Sjølv om du i utgangspunktet ikkje tenkjer du kan tysk, kan du likevel oppfatte noko og få nokre mentale førestillingar.

Ulike teikn kan stå for det same

Den semiotiske trekanten er spesielt god på å forklare korleis ulike teikn kan bety det same.

Ein hund kan du uttrykkje

  • visuelt 🐕
  • med tekst HUND (norske), DOG (eng)
  • med lyd

Hundebjeff

0:00
-0:00

Tenk over

Korleis kan du bruke kunnskapar om korleis vi forstår teikn, når du planlegg ein bodskap som skal formidlast

  • i eit bilete?
  • i ein video?
  • i sosiale medium?

Diskuter gjerne med andre.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper