Hopp til innhald

Fagstoff

Om læretida ikkje går som planlagt

Læretida er vanlegvis to intensive år, med mykje jobbing og mykje læring. Dessverre kan mange hendingar påverke læretida negativt. Då er det viktig å kjenne til lovverk og handtere situasjonane som oppstår, i tett dialog med lærebedrift, opplæringskontor, fylket og andre offentlege instansar.
To personar trekker i kvar sin ende av eit tau. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I teksten under går vi gjennom nokre problem og situasjonar som kan føre til at læretida ikkje går som normalt.

I ein slik situasjon vil du trenge rettleiing og støtte. Opplæringskontoret, verneombodet i bedrifta, fagforeiningsrepresentant, fylkeskommune og Nav er alle aktørar som du kan kontakte for å få hjelp.

Kontraktrelasjonen mellom bedrift og lærling

Som lærling har du to avtalar med lærebedrifta. Lærekontrakten din inneheld detaljar om opplæringa. Han er regulert av opplæringslova. I tillegg har du ein arbeidskontrakt som er regulert av arbeidsmiljølova. Denne handlar om arbeidsforholdet med bedrifta.

Arbeidskontrakten kan ikkje hevast (avsluttast) med mindre du allereie har avslutta lærekontrakten. Lærekontrakten kan hevast dersom både du som lærling og lærebedrifta er einige om at det er best. I situasjonar der det er ueinigheit, er det fylkeskommunen som gjer endeleg vedtak etter å ha høyrt frå begge partar.

Lærlingar har eit sterkt stillingsvern, men òg mykje eigenansvar. Både åtferd og ulike situasjonar kan resultere i at lærekontrakt og arbeidskontrakt blir heva.

Sjukefråvær

Sjuk jente ligg i seng og har medisinar på nattbordet. Foto.

Som lærling har du dei same rettane og ansvaret ved sjukdom som andre tilsette. Du må varsle arbeidsgivar og levere eigenmelding, og dersom sjukefråværet varer lenger enn eit par dagar, bør du skaffe sjukmelding frå lege.

Fråvær på grunn av sjukdom er noko vi alle opplever, og bedrifta du arbeider for, vil ha rutinar for korleis dette skal meldast og handterast. Det er lurt å kjenne til desse rutinane før du blir sjuk.

Du skal få lønn som vanleg under sjukemelding.

Lengre sjukefråvær

Langt sjukefråvær, det vil seie meir enn ein månad, er meir problematisk for lærlingar enn for andre tilsette. Som lærling har du berre to år til å få gjennomført ei omfattande opplæring og praksis. Langt sjukefråvær kan derfor setje læretida i fare, og det er viktig å ha tett kontakt med lærebedrift og opplæringskontor.

I situasjonar med langvarig sjukefråvær er mange bedrifter villige til å forlenge læretida slik at du til saman får dei to åra med praksis som du treng, for å kunne gå opp til fagprøva. Men bedrifta er ikkje pålagd å forlenge læretida. I tilfelle der det ikkje er mogleg å utvide læretida internt i bedrifta, er det fylkeskommunen som har ansvar for å finne andre løysingar.

Nedbemanning, permittering og streik

Lærlingar kan bli oppsagde på grunn av nedbemanning eller bli mellombels permitterte. Dette kan til dømes skje dersom bedrifta mistar kontraktar og må redusere aktiviteten. I slike tilfelle vil opplæringskontor og fylkeskommune ha eit ansvar for å sikre alternativ læreplass for resten av læretida.

Streik

Ei gruppe menneske står ute og høyrer på ein mann som snakkar. Dei har gule vestar med påskrifta "streik". Foto.

Lærlingar blir sjeldan tekne ut i streik, og bedrifta skal så langt det er mogleg, prøve å halde oppe opplæringa som normalt. Dersom dette ikkje går, kan lærlingen, med sju dagars varsel, bli permittert.

Dersom bedrifta er i streik, er det viktig at lærlingen gjer dei normale arbeidsoppgåvene sine og ikkje blir sett til å gjere oppgåvene til andre. Om du er usikker, bør du ta opp dette med fagforeininga eller bedriftsleiinga.

Graviditet og foreldrepermisjon

Kvinne held opp ein graviditetstest. Foto.

Lærlingar som blir gravide eller får barn i læretida, er verna av arbeidsmiljølova på lik linje med andre tilsette.

I utgangspunktet skal lærlingen returnere til lærebedrifta for å fullføre læretida etter at foreldrepermisjonen er fullført, men i nokre tilfelle er det ikkje mogleg for bedrifta. Fylkeskommunen blir då involvert og må samtykke i at lærekontrakten blir heva. Då vil fylkeskommunen ha plikt til å hjelpe lærlingen med å finne ny læreplass.

Tilrettelegging ved graviditet

Dei fleste arbeider gjennom stort sett heile graviditeten, men det kan vere behov for å tilpasse arbeidssituasjonen. Bedrifta er pålagd å legge til rette for den gravide så langt dette er praktisk mogleg. Dialog mellom partane er viktig for finne gode løysingar.

Permisjon og foreldrepengar

Før fødselen har mor rett til å ta ut svangerskapspermisjon. Både mor og far har rett til fødselspermisjon etter fødsel. Til saman har foreldra rett til permisjon i nesten 12 månader (49 veker ved 100 prosent uttak).

I opp til tre veker av svangerskapspermisjonen (før fødsel) og gjennom fødselspermisjonen har foreldra rett på foreldrepengar frå folketrygda. Ein søker gjennom Nav.

Denne teksten går ikkje i djupna på rettane du har ved graviditet. Oppdatert og detaljert informasjon kan du finne på nettsidene til Nav og Arbeidstilsynet.

Du finn meir informasjon og lenker om temaet i Altinns artikkel Rettigheter ved graviditet, fødsel, adopsjon og omsorg for små barn.

Einsidig heving av lærekontrakt

I utgangspunktet kan lærekontrakten berre hevast dersom begge partar er einige. Ei einsidig heving er likevel tillaten om ein av partane kan, med forankring i lova, grunngi behovet for å heve lærekontrakten og arbeidskontrakten.

Utdrag frå opplæringslova § 4-6

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb dersom

  1. den andre parten gjer seg skuldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet

  2. ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

  3. lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida

Kva ligg i uttrykka "vesentlege brot" og "ute av stand til å halde fram i læreforholdet"? Det finst det ikkje noko enkelt svar på. Det kan vere enkelthendingar som er så alvorlege at arbeidsforholdet ikkje kan halde fram, eller det kan vere mindre hendingar som gjentek seg, og som ikkje blir forbetra.

Døme på forhold som kan føre til heving av kontrakten er når lærlingen ikkje klarer å utføre arbeidet sitt utan direkte oppsyn, ikkje møter opp til rett arbeidstid, har uakseptabel åtferd eller er ute av stand til å gjere oppgåvene som yrket inneber.

Kjelde

Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Lærlingtida