Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidstid og overtid

Som lærling er du underlagt dei same reglane i arbeidsmiljølova som andre tilsette. Du følger dei same arbeidstidene som andre tilsette i verksemda, og dersom du er over 18 år, kan du bli sett til nattarbeid og overtidsarbeid ved behov.
Person dreg pallejekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidstid er primært regulert gjennom arbeidsmiljølova § 10-4.

For personar under 18 år beskriv arbeidsmiljølova § 11 nokre ekstra vern og avgrensingar, mellom anna med forbod mot nattarbeid og overtid.

Arbeidstid blir løyst på ulike måtar avhengig av yrke og bedrifta. Som lærling vil du følge arbeidstida i bedrifta.

Tariffavtalar og lokale avtalar er vanleg og påverkar både arbeidstid, lønn og arbeidsforhold. Slike avtalar skal ikkje gi den tilsette dårlegare vilkår enn minstekrava i arbeidsmiljølova.

Ferie

Som elev har du hatt fleire og lengre feriar enn det tilsette i bedrifter har. No må du òg opparbeide deg rett til betalt ferie. Uttak av ferie (både lønna eller ulønna) må du avtale med lærebedrifta i god tid før uttak. Du kan lese meir om ferie i artikkelen "Skatt og feriepengar som lærling".

Arbeidstid

Vi deler arbeidstid i to hovudkategoriar: alminneleg arbeidstid og overtid. Den alminnelege arbeidstida er den vanlege planlagde arbeidstida.

Nokre gonger krev enkeltsituasjonar eller periodar meirarbeid utover den alminnelege arbeidstida. Dette blir kalla overtid, og eigne reglar og fastsett overtidsbetaling gjeld her.

Arbeidstida kan leggast opp på fleire måtar. Dei vanlegaste måtane er normalarbeidstid, skiftarbeid og turnusarbeid.

Normalarbeidstid

Det vanlegaste er at arbeidet skjer på dagtid måndag til fredag, til dømes mellom klokka 08–16. Dette blir kalla normalarbeidstid.

Vekekalender der tidsrommet klokka 8 til klokka 16 er merkt med arbeidstid alle kvardager. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova § 10-4 avgrensar alminneleg arbeidstid til maks 9 timar i løpet av eit døgn og maks 40 timar arbeidstid i løpet av sju dagar.

Arbeidstida kan vere kortare, til dømes 7,5 timar per dag og 37,5 timar per veke. Då har bedrifta anten ein tariffavtale, ein avtale mellom arbeidsgivarorganisasjon og fagforbund, eller ein lokal avtale, ein avtale mellom bedrift og arbeidarane i bedrifta.

Fleksibel arbeidstid

Fleksibel arbeidstid er ei ordning som lar den tilsette flytte rundt på arbeidstid ved behov, til dømes ved å jobbe meir i periodar og ta ut avspasering i andre. Det kan òg vere mogleg å flytte arbeidsdagen fram slik at ein jobbar frå 09–17 i staden for 08–16.

Ukeplan med kjernetid merket hver ukedag 10 - 14 og fleksitid fra 06 - 20. Mandagen har utvidet kjernetid fra 10 - 16. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljølova § 10-2 krev at bedrifter skal legge til rette for fleksibel arbeidstid der dette ikkje skaper vesentlege ulemper for bedrifta. Dette gjer at vi i dag for det meste har fleksibel arbeidstid innan normalarbeidstidjobbar.

Bedrifter med fleksibel arbeidstid vil ofte ha ei kjernetid, dette er ein del av arbeidsdagen der alle tilsette må vere på jobb. Dette kan vere for å sikre at dei kan gjennomføre møte, eller at det er tilsette tilgjengeleg for kundeførespurnader.

Skiftarbeid

To arbeidarar på eit jernverk. Svart-kvitt foto.

Skiftarbeid har si rot i industrien der produksjonen gjekk for fullt det meste eller heile døgnet. I nokre tilfelle vart skiftarbeid brukt for å maksimere produksjonen, og i andre tilfelle, som på eit smelteverk, var det upraktisk eller umogleg å stoppe prosessane.

Innan skiftarbeid er bemanningsbehovet likt gjennom dagen, kvelden og nokre gonger òg om natta. Tilsette vil som oftast arbeide på eit skift (som natt) for ein periode, og så går dei over til eit anna skift eller ein friperiode. På den måten blir dei ulagelege arbeidstidene fordelte jamt mellom dei tilsette.

Toukersplan for skift, fem første dager er nattskift kl. 00- 08, så er det en dag fri før det er fire neste dager er dagskift  kl. 08 - 16. de siste fire dagene er aftenskift kl. 16 - 00. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er i regelen tillegg i lønn for skiftarbeid i ulagelege arbeidstider som kveld, natt, søndagar og heilagdagar. Skiftarbeidarar har som oftast 35,5 timars arbeidsveke.

Turnusarbeid

Helsefagarbeidar hjelper eldre mann med gåbord i ein korridor på eit sjukehus eller ein sjukeheim. Foto.

Turnusarbeid blir brukt i bedrifter der arbeidet går gjennom døgnet, men der behovet for arbeidskraft varierer.

Eit døme på dette er sjukeheimar. Sjukeheimar har døgnbemanning, men dei fleste tilsette arbeider på dag- og ettermiddagstid, og berre nokre få arbeider om natta.

Det finst fleire variantar av turnusar. Til dømes kan ein turnusperiode gå frå to til åtte veker. I ein slik turnus kan arbeidsbelastninga og vakttypane variere mykje. Ei veke kan ha mange vakter på ulagelege tidspunkt, mens den neste veka har få eller ingen vaktar.

Døme på fire vekers blanda turnusplan
Veke 1Veke 2Veke 3Veke 4
3 ordinære vaktar,
1 langvakt (08–21),
1 dag fri
5 ordinære vaktar

1 ordinære vaktar,
2 langvakter helg (09–22),
2 dagar fri

1 langvakt (08–21),
6 dagar fri

Dei ulike vaktene i turnusen kan fordelast jamt mellom dei tilsette, men det er òg vanleg at nokre tilsette hovudsakleg har kveldsvakter eller nattevakter.

I helsevesenet er det vanleg at lærlingar ikkje har nattevakter i byrjinga sidan dei treng oppfølging og nattevakter må kunne jobbe mykje sjølvstendig.

Det er tillegg i lønn for turnusvakter med ulagelege arbeidstider, som kveld, natt, søndagar og heilagdagar. Turnusarbeidar har som oftast arbeidsveker på 35,5 timar.

Nattarbeid

Nattarbeid medfører auka fare for helseplager, både fysisk og psykisk. Denne teksten går ikkje meir i detalj om dette, men dersom du skal arbeide skift eller turnus, er det greitt at du er klar over problematikken og les deg opp på han på eiga hand.

Overtid

Overtid er regulert i arbeidsmiljølova § 10-6.

I nokre situasjonar, til dømes dersom bedrifta plutseleg får spesielt høg aktivitet eller ein eller fleire kollegaer er sjuke, kan det vere nødvendig at du arbeider overtid. Overtid må avtalast med arbeidsgivar, og det er strenge grenser for kor mykje overtid som er tillaten.

Sint mann sit ved kontorpult og jobbar på datamaskin. Ei klokke på veggen viser at klokka er eitt. Ein nattehimmel med måne i eit vindauge til høgre. Illustrasjon.

Overtid startar når du arbeider meir enn 9 timar på ein dag eller 40 timar per veke. For tilsette med tariffavtale kan timetalet vere lågare, til dømes 7,5 timar per dag og 37,5 timar per veke.

Lova krev at det er eit "særleg og tidsavgrensa behov" for at tilsette skal arbeide overtid. Bedrifta kan dermed ikkje bruke overtid som alternativ til å ha det nødvendige talet på tilsette i normalsituasjonar. Dessverre er det nok mange tilfelle der overtid blir brukt i for stor grad og bedrifter i praksis bryt lova.

Du kan bli pålagt å arbeide overtid av arbeidsgivar. Det vanlege er at arbeidsgivar spør om frivillige, og at overtid då blir avtalt mellom partane.

Lønn ved overtid

Arberidsgivar skal betale overtid med minst 40 prosent tillegg på lønn. Tariffavtale kan gi høgare satsar.

Det er mogleg å ta ut overtidstimar som avspasering seinare, men 40-prosent-tillegget skal utbetalast.

Som lærling skal du ha lønn som ufaglært og i tillegg ha 40 prosent av dette når du arbeider overtid. Dette gir dermed ei høgare lønn (spesielt i starten av lærlingløpet) enn den vanlege lønna.

Under er eit enkelt døme på utrekning av overtidsbetaling dersom timelønna for ufaglært er 200 kroner og overtidsbetalinga er 40 prosent. Timelønna varierer mykje, og overtidssatsen kan òg vere ulik, så du må rekne dette ut for ditt eige yrke og din situasjon.

Døme på overtidsbetaling
BeskrivingSum
Ufaglært timelønn200 kr per time
Overtidstillegg (200 kr * 0,4)80 kr per time
Timelønn med overtid280 kr per time

Det er avgrensa kor mykje overtid du har lov til å arbeide. Dette er både per veke, per månad og per år. Avgrensingane vil variere mellom ulike yrke, og om bedrifta har tariffavtale eller ikkje.

Under 18 år?

Dersom du er under 18 år, har du ikkje lov til å jobbe overtid. Du kan altså ikkje jobbe meir enn 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. Du har heller ikkje lov til å arbeide på natta (mellom klokka 23 og klokka 06). Arbeid mellom klokka 21 og klokka 23 er òg rekna som nattarbeid, men der finst det nokre unntak for dei under 18 år.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2022

Læringsressursar

Lærlingtida