Hopp til innhald

Fagstoff

Skatt og feriepengar som lærling

Som lærling er du rekna som tilsett. Det betyr at du må ta omsyn til skatt, ferie og feriepengar. For at dette skal gå for seg så enkelt som mogleg, bør du setje deg inn i det og spørje om hjelp viss du blir usikker.
To kvinner og ein mann snakkar saman. Den eine kvinna ser trist ned på ei tom lommebok, og mannen held ei hand på skuldra hennar. Den andre kvinna held eit par flybillettar. Tre skyer er teikna over dei. Skyene inneheld høvesvis eit fly, ein familie med foreldre og to barn og to kinesiske soldatar med den kinesiske muren i bakgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skatt

Som lærling tener du pengar og får utbetalt lønn på same måte som andre tilsette. Bedrifta du arbeider for, vil trekke skatt av lønna di og sende desse pengane inn til staten, slik dei gjer for alle tilsette.

Skatten du blir trekt, er basert på forventa årsinntekt (med eit prosentkort) eller ut frå den månadlege inntekta (med eit tabellkort). Du kan lese meir om det i artikkelen om skatt.

Det er ditt ansvar å ha eit skattekort, eit frikort, prosentkort eller tabellkort, og at bedrifta du jobbar for, får informasjon om det. Viss ikkje risikerer du at det blir trekt for mykje skatt.

Frikort

Dersom du tener mindre enn 65 000 kroner i løpet av kalenderåret (sats for 2022), kan du vurdere å skaffe deg eit frikort. Då blir du ikkje trekt i skatt, men viss du går over grensa, vil du bli trekt 50 prosent skatt på all inntekt det året, med mindre du har skifta til eit anna skattekort.

Byrjar du lærlingtida på hausten, startar du med ganske låg lønn, som oftast 30 prosent av fagarbeidarlønn. Dersom du berre har hatt små inntekter eller ingen andre inntekter det året, er det ein god sjanse for at frikort kan vere aktuelt for deg. Hugs at studielån og stipend ikkje blir rekna som inntekt.

Modell som viser tre år, og at lærlingtida startar på hausten år 1 og avsluttar våren år 3. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å sjekke om frikort er for deg, eventuelt kva skattetrekk med prosentkort du bør be om, kan du setje opp eit reknestykke over forventa inntekt for året.

Døme på utrekna årsinntekt

Under er eit døme på utrekning av årsinntekt for ein ny lærling som ikkje har arbeidd tidlegare på året, og som startar som lærling med 30 prosent av fagarbeidarlønn i august.

UtreKna årsinntekt
MånadInntekt
Inntekt januar0 kr
Inntekt februar0 kr
Inntekt mars0 kr
Inntekt april0 kr
Inntekt mai0 kr
Inntekt juni0 kr
Inntekt juli0 kr
Inntekt august

8805 kr

Inntekt september8805 kr
Inntekt oktober8805 kr
Inntekt november8805 kr
Inntekt desember8805 kr
Årsinntekt44 025 kr

Frikort kan altså vere eit godt alternativ det året du startar som lærling, dersom du starta som lærling på hausten og ikkje har hatt andre inntekter på våren.

Ferie og feriepengar

Ferie er regulert i lovverket, sjå ferielova hos Lovdata. Desse reglane gjeld for alle arbeidstakarar, inkludert lærlingar.

Alle arbeidstakarar har etter lova krav på minst 25 vyrkedagar ferie per år, det vil seie fire veker og ein dag. Dei som har tariffavtale, har ofte avtalt 30 vyrkedagar ferie (fem veker). Vyrkedagar blir rekna som alle dagar unnateke søndag, så det er seks vyrkedagar per veke.

Arbeidstakar har rett til å ta ut tre veker samanhengande ferie i løpet av perioden 1. juni til 30. september.

Når du skal ta ut ferie, må du avtale det med arbeidsgivar, og det bør du gjere i god tid. Ved ueinigheit vil arbeidsgivar ha det siste ordet. Som nytilsett må du opparbeide deg feriepengar for å kunne ta ut lønna ferie.

Dersom du blir sjuk i ferien, og får legeattest, har du rett til å få tilbake feriedagar.

Det same gjeld viss arbeidsgivar avbryt ferien din. For meir informasjon om slike tilfelle kan du lese Arbeidstilsynets artikkel om ferie.

Feriepengar

Når du arbeider, set bedrifta av feriepengar for deg kvar månad. Når du tek ut ferie, blir feriepengane som vart sparte opp året før, brukte. Dette fungerer fint når du har arbeidd meir enn eitt år, men er du ny i arbeidslivet, skaper det utfordringar.

Som nytilsett lærling, altså dersom du starta læretida før 1. september, har du rett til ferie det same året, men utan betaling. Dei fleste tek derfor ikkje ut lengre ferie før i kalenderår 2. Som lærling vil du sannsynlegvis berre ha oppspart eit halvt år med feriepengar når du kjem til kalenderår 2. Det gir låg utbetaling dersom du ønsker å ta ut full ferie.

Modell som viser tre år, og at lærlingtida startar på hausten år 1 og avsluttar våren år 3. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mogleg å ta ut litt betalt ferie, til dømes to veker i kalenderår 2. Då vil oppsparte feriepengar gi ei grei utbetaling.

Som lærling kan du nekte å ta ut ferie dersom du ikkje har oppsparte feriepengar. Om bedrifta ikkje har aktivitet i ferietida, må dei skaffe eit alternativt tilbod til deg.

Ulike arbeidsgivarar handterer ferie for lærlingar i kalenderår 2 ulikt. Du må derfor sjekke opp med di eiga bedrift korleis dei foreslår å løyse dette for deg.

For kalenderår 3 vil du ha oppspart eit heilt år med feriepengar og kan ta ut ferie med betaling på lik linje med andre tilsette.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2022

Læringsressursar

Lærlingtida