Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet lyssetjing
Her kan du sjekke forståinga di av emnet lyssetjing. Kva har du fått med deg?
Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet lyssetjing.
- Du kan setje opp trepunkts lyssetjing.
- Du veit forskjellen på mjukt og hardt lys.
- Du veit korleis sola og tidspunkt på dagen speler inn på karakteristikken til lyset utandørs.
- Du veit kva innstillingar kameraet bør ha når du fotograferer i studio.
- Du kan handtere studiolamper på ein trygg og føremålstenleg måte.
- Du kan variere lyssetjingar innandørs og utandørs og gjere manuelle innstillingar på kameraet tilpassa lysforholda.
- Du kjenner til fleire studiolyssetjingar som Rembrandt-lyssetjing, splitta lyssetjing og sommarfugl-lyssetjing.
- Du kan bruke reflektor, veit kvifor han blir brukt, og kjenner til ulike reflektorfargar og korleis dei påverkar fargetemperaturen.
Fagomgrep | |||
---|---|---|---|
mjukt lys | ISO | Rembrandt-lyssetjing | splitta lyssetjing |
hardt lys | reflektor | sommarfugl-lyssetjing | trepunkts lyssetjing |
lukkar | kvitbalanse | blikkpunkt | blendar |