Fotografer naturleg lys
Utforsk og eksperimenter med naturleg lys ute og inne, og ta mange ulike bilete. Ta bilete i RAW-format. Gjer minst fire av fotooppgåvene.
Lag ei filmappe med ubehandla og behandla bilete, og lag ei oversikt der du presenterer kvart bilete, beskriv lyssetting og lyskilde og kommenterer bileta og vala du har gjort.
Les denne fagressursen om naturleg lys før du går i gang med fotograferinga:
Ta eit portrett av ein person utandørs, og unngå for sterkt lys. Her skal du ta bilete av same motiv på same stad både med og utan reflektor. Du skal setje bileta ved sida av kvarandre i biletoversikta og beskrive korleis portrettet ser ut med og utan reflektor.
Ta bilete når sola er på veg opp eller ned. Ta både portrett og landskapsbilete.
Ta bilete midt på dagen når det er sterk stol. Du skal både ta eit bilete med hardt lys og kraftige skuggar, og oppsøkje skugge og ta eit bilete i mjukare lys.
Finn ein stad utandørs der naturleg lys slepp inn frå sida, til dømes ein undergang, inni eit skur med døra open eller ein tunnel. Ta bilete av ein modell eller eit objekt.
Utforsk naturleg lys innandørs som slepp inn gjennom eit vindauge eller ei dør. Ta fleire bilete. Gjer både oppgåve a og oppgåve b.
Ta eit bilete av ein person eller eit anna motiv. Du kan bruke reflektor om du vil. Observer korleis lyset endrar seg når personen er nærmare og lenger unna lyset. Test ut både frontlys og sidelys.
Ta eit portrett der personen ikkje skal kunne kjennast att. Bruk motlys.