Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunstlys

Profesjonelle fotografar bruker blitslamper som arbeidsverktøy i studio. Men med tilstrekkjeleg kunnskap om lys og lyssetjing kan du lage flotte bilete ved bruk av både lommelykter og skrivebordslamper.

Same modell fotografert med berre hovudlys og deretter med hovudlys, hårlys og utfyllingslys. Samanlikn bileta ved å dra skiljelinja/pilene.

Grunnleggjande lyssetjing i studio

Når du skal plassere ulike lyskjelder i eit studio, er det lurt å lage ei skisse på førehand som viser innretning og høgd.

  • Hovudlyset blir normalt sett opp først. Hovudlyset har som oppgåve å etablere dei viktigaste særtrekka ved belysninga. Her skal det visast tydeleg om du vel for eksempel frontlys eller sidelys, samt kva høgd lyskjelda blir plassert i.
  • Hårlys legg lys bakfra mot hovudet til modellen. Spesielt ved bruk av mørke bakgrunnar bidreg dette til å løfte modellen fram og skilje han eller henne ut frå bakgrunnen. Bruk av hårlys gir mer djupn og tredimensjonalitet i bileta dine.
  • Utfyllingslyset er ofte neste lampe som blir skrudd på. Utfyllingslyset er eit svakare lys som berre bidreg til å lette opp skuggane som blir skapte av hovudlyset.
  • Bakgrunnsbelysning er ei eller fleire lamper som blir retta mot bakgrunnen om du ønskjer ein lysare eller heilt kvit bakgrunn bak modellen.