Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnleggjande om podkast

Journalist og podkastprodusent Sindre Leganger har laga ei rekkje historieforteljande podkastar for både NRK og VG. I denne videoen fortel han litt om det grunnleggjande ved podkastar.

Sentrale punkt frå filmklippet

Podkastar blir delte inn i pratepoddar og historieforteljande podkastar.

I ein pratepod sit personar i eit studio og snakkar med kvarandre.

I ein historieforteljande podkast blir det gjort intervju, og det blir lagt på lydeffektar og musikk i ettertid i redigeringa.

Ein radiodokumentar blir spelt av på radioen, og det kan vere bakgrunnsstøy for den som lyttar. Lyttaren kan òg skru på radioen midt i programmet og ikkje få med seg heile dokumentaren.

Postkastar blir lasta ned og blir ofte lytta til med høyretelefonar, noko som kan gi ei meir intim lyttaroppleving. I tillegg blir ofte podkasten lytta til frå start til slutt.

CC BY-SASkrive av Idun Fivelstad og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2020

Læringsressursar

Produser podkast