Hopp til innhald
Eigenvurdering

Vurdering frå andre og eigenvurdering

Tilbakemeldingar, eigenvurdering og vurdering av andre sine produksjonar gir verdifull innsikt og eksterne innspel. Desse kan du bruke for å vidareutvikle evnene dine og produksjonane dine.

Be om tilbakemelding

Be om tilbakemelding på podkasten din frå eit par medelevar.

Å be om tilbakemeldingar er kanskje det viktigaste du kan gjere for å forbetre produksjonen din. Men det kan lett opplevast som sårt og ubehageleg, fordi du har lagt ned mykje tid og sjel i produksjonen.

Å venne seg til å få tilbakemeldingar, og å lære deg å distansere deg noko frå produksjonen, er viktig for å få best mogleg utbytte av tilbakemeldingane.

Tips om kva du kan spørje om i ei tilbakemelding

  • Kva inntrykk sit lyttaren igjen med etter å ha høyrt podkasten din? Stemmer inntrykket overeins med det du hadde planlagd?
  • Kva synest lyttaren er podkasten sine sterkaste sider?
  • Kva synest lyttaren er podkasten sine svakaste sider?
  • Har lyttaren spesifikke forslag til forbetringar?

Vurdere andre sine produksjonar

Høyr på ein eller fleire av podkastane som medelevane dine har laga, og svar på spørsmåla.

  • Har podkasten ein fin og naturleg flyt?
  • Har dei forskjellige delane av podkasten passeleg lengde, og verkar strukturen fornuftig?
  • Kva synest du er podkasten sin største styrke?
  • Kva ville du gjort annleis, og korleis?
  • Har medeleven din brukt liknande verkemiddel som du har? Korleis synest du dei fungerte i dei forskjellige tilfella?
  • Er det element i andre sin produksjon som du kunne tenkt deg å bruke i din eigen?
  • No som du har høyrt andre sine podkastar, ser du område som kunne vore forbetra i din eigen podkast?

Tips for tilbakemelding til andre

  • Trekk fram både styrkar og svakheiter med den andre sin produksjon.
  • Ver konkret når du beskriv kva du synest fungerer bra eller mindre bra i andre sine produksjonar.
  • Hugs at du kanskje ikkje er i den planlagde lyttargruppa for podkasten. Kven trur du podkasten ville fungert best for?
  • Kom gjerne med spesifikke forslag til forbetringar.

Eigenvurdering

Å vurdere eigne produksjonar er utfordrande. Du mister objektivitet og ser deg lett blind på innhaldet. Det kan derfor vere lurt å la produksjonen liggje før du prøver å vurdere han på nytt.

Det er lett å vere sjølvkritisk. Pass på at du held fokuset ditt på eit ønske om å forbetre produktet ditt.

  • Kan du jobbe med verkemiddel?
  • Har du fokus på dramaturgi?
  • Har du rytme i klippinga?
  • Finst det uvesentlege element som kan fjernast?
  • Kan du kutte på lengde utan å miste samanhengen i historia?

Eigenvurdering etter lengre tid

Viss du venter såpass lenge at du har gløymt mykje av detaljane i arbeidet, er det mogleg å skape seg eit nytt førsteinntrykk. Det kan ta veker eller månader før dette skjer, men det kan vere nyttig for å få eit ferskt inntrykk av flyt og om podkasten heng naturleg saman.