Øving
Finn verkemiddel i ein podkast
Forskjellige typar podkastar bruker forskjellige verkemiddel for å engasjere og halde på lyttarane. I denne oppgåva skal du vurdere verkemidla som er brukte i ein historieforteljande podkast og i ein panelpodkast.
Therese-saken: Jenta som forsvant frå serien Oppdatert/NRK
Panelpodkast Forklart/Aftenposten
Lytt 5–10 minutt på kvar av dei to podkastane.
Skriv ned ei liste med stikkord for kva slags verkemiddel som blir brukte.
- Kva får deg til å hengje med?
- Korleis blir interessa di halden oppe?
- Er det brukt eit lydbilete som framhevar innhaldet?
- Beskriv lyden og innhaldet.
- Del stikkorda med ein i klassen eller i ei gruppe.
- Diskuter kva for verkemiddel som fungerer best, og kvifor.
- Plukk ut to–tre verkemiddel og diskuter korleis desse kan skapast og brukast i andre samanhengar, til dømes i produksjon av eigen podkast.