Hopp til innhald
Oppgåve

Analyser vikingsamfunnet

I denne oppgåva skal de analysere vikingsamfunnet ved hjelp av puslespelmetoden.

Førebuingar

Del dykk inn i basisgrupper på seks elevar. Dersom det ikkje går opp, kan de ha sju elevar på nokon av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med det same temaet.

  • Fordel temaa under på medlemmene i gruppa.

  • Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema.

Ekspert 1: politiske forhold
  • Kven har makt til å vedta lover og reglar og til å fordele gode, plikter og rettar?

  • Korleis blir samfunnet styrt?

  • Kor mykje fridom har ulike samfunnsgrupper?

  • Kor mykje politisk innverknad har ulike samfunnsgrupper?

  • Er det konfliktar internt eller med andre samfunn?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Treller, bønder og elite

Norgeshistorie.no: Høvdingenes tid

Ekspert 2: økonomiske forhold
  • Korleis skaffar ein seg mat?

  • Korleis utnyttar ein naturressursane?

  • Korleis er ressursane fordelte?

  • Kva næringsvegar er viktige?

  • Korleis blir handel driven?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Den mangfoldige vikingtidsgården

Norgeshistorie.no: Rane, bytte, kjøpe, gi

Ekspert 3: naturlege forhold
  • Kva naturressursar finst?

  • Korleis påverkar landskapet samfunnet?

  • Kva betydning har klimaet og vêret?

  • Kva betydning har naturkatastrofar?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Fangst, jern og serieproduksjon

Adresseavisen: Vikinger – takket være klimaendringer?

Ekspert 4: sosiale forhold
  • Korleis lever menneske saman i samfunnet?

  • Er samfunnet delt i ulike grupper?

  • Har gruppene ulike rettar og pliktar?

  • Korleis er levekåra for dei ulike gruppene?

  • Kva kjønnsroller finst?

  • Korleis er befolkningsutviklinga?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Den vennlige vikingen

Norgeshistorie.no: Vikingtidens kvinner og menn

Norgeshistorie.no: Treller, bønder og elite

Ekspert 5: kulturelle forhold
  • Kva religionar, livssyn og skikkar dominerer samfunnet?

  • Kva verdiar og ideal er viktige?

  • Korleis er synet på kva som er rett og gale?

  • Kva slags kunst og andre kulturuttrykk er viktige?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Førkristen tro

Norgeshistorie.no: Seid – vikingenes mektige trolldomskunst

Ekspert 6: teknologiske forhold
  • Kva reiskapar og metodar blir tekne i bruk i produksjonen av energi, mat og andre varer?

  • Kva slags våpenteknologi finst?

  • Kva slags teknologi blir brukt til transport og kommunikasjon?

Kjelder

Norgeshistorie.no: Fangst, jern og serieproduksjon

Store norske leksikon: Vikingskip

Forskning.no: Hvorfor var vikingene så overlegne i kamp?

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i tjue minutt. Fordjup deg i kjeldene som er gitt over, og svar på spørsmåla under temaet ditt. Bruk gjerne andre ressursar òg.

Ekspertgrupper

Sett dykk saman i ekspertgrupper, og jobb saman i ti minutt. Dei som har fordjupa seg i det same temaet, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli einige om kva som er viktigast.

Deling og diskusjon

Sett dykk tilbake i basisgruppene. Diskuter spørsmåla i boksen under i gruppa. Sørg for at alle får bidrege med perspektivet sitt der det er relevant. Bruk tre–fire minutt per spørsmål. Samanfatt gjerne i plenum, dersom det blir tid.

Spørsmål til diskusjon
  1. Kva var årsakene til at vikingane kunne og ville dra ut for å plyndre, drive handel og busetje seg i andre land?

  2. Var vikingsamfunnet eit fritt samfunn?

  3. Var vikingsamfunnet eit primitivt og barbarisk samfunn?

  4. Er det noko i norsk kultur i dag (til dømes verdiar, mentalitet, tradisjonar eller symbol) som er ein arv frå vikingtida?

  5. Er det nokon grunn til å vere stolte av denne delen av norsk historie?

  6. Korleis ville de klart dykk dersom de reiste med ei tidsmaskin tilbake til vikingtida?

Denne oppgåva er basert på puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden, som vart utvikla av Eliot Aronson i 1971. Du kan lese meir om jigsaw-metoden på The Jigsaw Classroom (jigsaw.org).

Relatert innhald

Fagstoff
Analyse i historiefaget

Her finn du ein modell for å analysere og samanlikne historiske samfunn, årsaker og konsekvensar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021