Hopp til innhald

Fagstoff

Jobb med temakart

Det å sjå samanhengar i historia er kanskje den viktigaste ferdigheita i historiefaget. NDLA tilbyr eit temakartverktøy med tankekart i mange ulike emne i nyare historie. Formålet med desse temakarta er å trene deg på å sjå og forklare samanhengar.

Å strukturere årsaker og konsekvensar

Desse temakarta skal hjelpe deg til å strukturere årsaker og konsekvensar i fleire tema i nyare historie. Temakarta består av boksar og piler. Både boksane og pilene skal fyllast med tekst, og dersom du klikkar på dei, kjem det opp ein tekstboks som du kan skrive i.

Boksane i temakarta skal hjelpe deg til å trene på å trekke ut det viktigaste av ein tekst. Når du har arbeidd ferdig med eit temakart, vil det dessutan hjelpe deg å hugse ei omfattande mengde fagstoff.

Korleis det verkar

Boksane representerer konkrete hendingar eller utviklingstrekk. Når du skriv i desse boksane, skal du øve deg på å trekke ut det aller viktigaste. Prøv å avgrense deg til to–tre setningar.

Pilene skal forklare samanhengar mellom boksane. Ein samanheng kan vere at boks A er årsak til boks B, at boks A påverkar boks B, eller at boks A hjelper oss til å forstå boks B. Nokre gonger kan samanhengar gå begge vegar, slik at boks B òg påverkar boks A. Nokre gonger er det lett å sjå samanhengar; dei kan til dømes stå direkte forklart i læremiddelet du bruker. Andre gonger må du tenke sjølv. I pilene bør du skrive så utfyllande du kan. I tillegg til å forklare kan du til dømes trekke inn døme eller kjelder de har arbeidd med, som kan utdjupe denne samanhengen.

Når du er ferdig, kan du eksportere eller skrive ut tekstane dine.

Ser du etter dei gamle temakarta?

Vi har laga nye temakart. Viss du treng dei gamle, finn du dei her:

Temakart: Den franske revolusjonen

Temakart: Den første industrielle revolusjonen

Temakart: Den andre industrielle revolusjonen

Temakart: 1814

Temakart: 1814–1905

Temakart: Første verdskrigen og den russiske revolusjonen

Temakart: Andre verdskrigen

Temakart: Sovjetunionens fall

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2018

Læringsressursar

Samanhengar og årsaker