Hopp til innhald

Fagstoff

Handelsruter

I dag går vi i butikken eller handlar på nett, og varer som blir produsert i andre verdsdelar, blir skipa hit i stor skala utan nemneverdige problem. Før måtte handelen fraktast med seglskuter eller over land med hestar eller kamelar.
Vikingskip i mørkt tre utstilt i ein hall med kvite veggar og bogeforma tak. Framstamnen på skipet er dekorert med treskjeringar og endar opp i ein kveil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handel og handelsreiser

Handel på tvers av område er kjend heilt tilbake i tidlege samfunn, og ikkje minst kjenner vi til fleire døme frå vikingtida. Vikingane reiste ikkje berre vestover, men òg austover.

Endå tidlegare enn handelen til vikingtida, var den såkalla Silkevegen, ein karavaneveg mellom Europa og Kina som vart teken i bruk allereie frå 100-talet.

Dei oversjøiske handelsrutene auka då ein fann sjøvegen til Kina, India og Amerika med dei store oppdagarane. Den store oversjøiske handelen auka spesielt frå 1500-talet.

Silkevegen

Kinesisk måleri som skal førestille ein karavane langs Silkevegen. Fire personar rir på kamelar og hestar. Kamelen som er fremst, blir leigd av ein mann. Øvst i venstre hjørne er det ein del kinesiske skriftteikn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Silkevegen var ein karavaneveg med fleire greiner mellom Europa og Kina. Som namnet tyder på, var utgangspunktet for denne karavanevegen behovet for å hente silke frå Kina. Etter kvart vart det òg handla med andre varer via denne lange ruta på 6 000 kilometer. I tillegg til handel vart Silkevegen viktig for kulturell utveksling, som religiøse idear, kunst og levesett. Som nemnt starta dette allereie frå 100-talet, og vegen var i bruk heilt fram til mongolriket på 1200- og 1300-talet. Etter dette veit vi at sjøvegen vart viktigare i utveksling av varer mellom Europa og Asia.

Handelsrutene i vikingtida

Vikingskip med segl ute på havet. Eitt skip i fokus og to skip lengre bak. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er lett å tenkje på vikingane som valdelege menn som plyndra og rante når dei drog i viking, men handel var viktig òg for vikingane. Når vikingane reiste ut, sikra dei rikdom både ved hjelp av varebyte, kjøp og sal og ved krigføring, ran og gåvebyte. Dei skandinaviske vikingane hadde handelsruter over store delar av det som i dag er Europa og så langt aust som Bysants, der Istanbul ligg i dag, og som vikingane kalla Miklagard. Dei dreiv òg handel aust for Svartehavet. Vi kan seie at vikingtida var ei økonomisk brytingstid. Kjøp og sal peiker framover mot høgmellomalderen, mens gåve- og varebyte peiker bakover i tid.

Sjøvegen til Asia

Sjølv om det hadde vorte gjort reiser til Kina og resten av Asia der delar av reisa gjekk til sjøs allereie frå slutten av 1200-talet, var det først då Vasco då Gama fann sjøvegen til Asia ved å segle rundt Afrika, at sjøfarten og handelen auka. Ved å bruke skip og gjerne fleire skip i den same ekspedisjonen, kunne ein få med seg fleire varer enn ein gjorde med karavanane langs Silkevegen, og ein fann òg andre marknader enn Kina. Likevel kunne slike reiser vere farefulle. Det kan du lese meir om i artikkelen Kva var oversjøisk ekspansjon? (NDLA).

Trekanthandelen

Ein trekant er teikna inn i Atlanterhavet i eit kart som viser trekanthandelen mellom Europa, Vest-Afrika og dei europeiske koloniane i Amerika. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trekanthandelen var handel mellom Europa, Afrika og Amerika. Utgangspunktet for trekanthandelen var slavehandelen. Europearane bytte til seg slavar frå Afrika ved å tilby afrikanske høvdingar og slavehandlarar europeiske varer som skytevåpen, jern og glas. Slavane vart frakta over Atlanterhavet til sukker- og tobakksplantasjar i Amerika, og varer derfrå vart selde til Europa. Du kan lese meir om dette i artikkelen Trekanthandelen (NDLA).

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske systemer