Hopp til innhald

Fagstoff

Det danske ostindiske kompani

Det danske ostindiske kompani vart stifta i 1616 av kong Christian IV av Danmark-Noreg. Kompaniet skulle drive handel med India.
Europeisk handel i Kina. Ei hamn med fleire store bygningar og europeiske flagg, mellom anna det danske flagget. Ulike typar båtar i framgrunnen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På lik linje med det Hollandske kompaniet (VCO), fekk det dansk-norske kompaniet også kongeleg løyve til å drive krig, etablere festningar og inngå traktatar. Kompaniet vart ein viktig brikke i etableringa av koloniriket til Danmark.

Trankebar – dansk hovudsete i India

Sandfarga, låg festning ved havet. Bølgjer og ei strand med store steinar i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første danske kolonien i Austen vart Trankebar på austkysten av den indiske halvøya. Her vart det etablert ein festning som fekk namnet Dansborg. Dette vart det danske hovudsetet i India heilt fram til 1845, då britane kjøpte kolonien.

Kolonieventyret vart prega av nokre oppturar, men mest nedturar for danskane. Fleire skip forliste og handelen var i periodar feilslått. Til liks med dei andre europeiske kompania var også danske og norske embetsmenn frista av korrupsjon for å gjere seg sjølv rikare. Statsadministrasjonen i Danmark var svært langt unna, og somme embetsmenn opererte som småkongar. I kortare tidsrom var det danske kompaniet nedlagt. Trankebar vart då mellom anna brukt som hamn for piratar som opererte i Bengalbukta.

Smugling

I delar av 1600- og 1700-talet stod Danmark-Noreg utanfor konfliktane mellom dei Europeiske stormaktene. Tvillingriket kunne då operere som mellomledd for europeiske smuglarar. Danskane gjorde gode pengar på å selje kinesisk te til engelske smuglarskip i India. Det hende også at franske og nederlandske handelsskip segla under dansk flagg når revolusjonskrigane rasa i Europa.

Universitet i dansk koloni

Ein annan dansk koloni i India var Fredriksnagore (Serampore). Denne låg inst i Bengalbukta. Her etablerte tre baptistprestar det første universitetet i India i 1819. På 1700-talet var ein nordmann, trønderen Ole Bie, kongen sin representant der. Av indarane vart han sett på som ein stor organisator og forretningsmann, men i Danmark vart han skulda for korrupsjon. Trass i dette vart han sitjande som kongens mann i 30 år.

Fortet Dansborg i Trankebar er i dag museum over den danske verksemda gjennom over 200 år i India.

Kjelder:

  • Dansk kolonihistorie. Indføring og studier. Redaksjon: Peter Hoxer Jensen, Leif Haar m.fl. Forlaget Historia, 1981.
  • Ole Feldbæk og Ole Justesen. Kolonierne i Asien og Afrika. I Danmarks historie. Politikens forlag, 1980.
  • Sindre W. Aarsbog. For en neve gylden. Trøndere i hollandsk østindia ca. 1600 – 1800. Artikkel i Trondhjemske Samlinger, 2004.
  • Yngvar Ustvedt. Trankebar. Nordmenn i de gamle tropekolonier. Cappelen Damm, 2001.
CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Handel og økonomiske systemer