Hopp til innhald

Fagstoff

Handelstilhøva på 1700-talet

I 1786 kom det tjue fuglebur til Bergen, sytten til Trondheim og seks til Kristiansand. Dei kom saman med korn, tekstil og farger, tauverk, godt og dårleg brennevin, sitronar, hårpynt og vottar – og mykje, mykje meir. Tilsvarande varer kom til alle dei andre norske hamnene på slutten av 1700-talet.
Bergen sett fra Hegreneset, ca. 1800. I bakgrunnen er det brygger, og på fjorden er det skip. I forgrunnen er det nokre menneske og soldatar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noko av det var laga i Europa, anna kom frå Asia, Karibia eller Amerika. I byte gjekk det fiskevarer, tømmer, jarn og skinnvarer ut av landet. Slik enda norsk fisk på spanske bord, norsk tømmer som britiske golv og norsk jarn som spiker på skip som reiste til andre sida av kloten.

Tilhøve som påverka handelen

Det var særleg gjennom 1700-talet at handel byrja å knyte land og regionar tettare saman. Med auka kontakt over grenser vart marknadene større. I praksis ville det seie at dei som produserte ting, kunne nå ut til fleire potensielle kundar. Dette gjorde at det i større grad vart mogleg å hauste forteneste og profitt.

Frå innseglinga til Trondheim på 1700-tallet. Det er skip i forgrunnen, brygger, kyrkjer og festning i bakgrunnen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utviklinga i det norske handelsmønsteret viser tydeleg korleis marknaden vart større, også for norske produsentar og handlande. Særleg viser veksten i skipstrafikk til og frå norske hamner frå 1731 til 1756, 1786 og 1794 at kontakten både utandands og innanlands auka gjennom 1700-talet. Utvalet og mengda av varer tok seg også opp gjennom denne perioden, både med tanke på det som vart selt i Noreg, og norske varer som vart selde i utlandet.

Føringar frå Danmark

Noreg var på denne tida ein del av det dansk-norske riket. Dette la fleire føringar på handelen, mellom anna kven og kva nordmennene kunne handle med. Frå 1735 til 1788 var Sør-Noreg pålagd å kjøpe det kornet dei trong (men som regionen ikkje sjølv greidde å produsere), først og fremst frå Danmark eller andre stader i riket. Berre om Danmark ikkje kunne levere det naudsynte kornet, kunne ein kjøpe dette frå andre land. Dette fortrinnet vart kalla kornmonopolet, og tanken var at brorlandet Danmark, som i utgangspunktet hadde godt med korn, skulle forsyne nordmennene som ikkje greidde å dyrke nok mat – sjølv i gode år. Eit tilsvarande monopol gjaldt for norsk jarn i Danmark mellom 1730 og 1794.

For å utvikle særskilde næringar og verne innanlandsk produksjon, innførte også Danmark-Noreg tollsystem som favoriserte handel med andre delar av riket. I praksis betydde det at tollen var høgare på utanlandske varer enn på varer produserte til dømes i Danmark eller på Island. Eigne privilegium vart også gitte til produsentar og handlande innan næringar som staten ønskte å utvikle, slik som glasproduksjon. Saman gav dette næringane og føretaka vern mot konkurranse.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Hutchison. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 05.10.2017

Læringsressursar

Handel og økonomiske systemer