Hopp til innhald

Fagstoff

Kvinnekamp gjennom 1800-talet

Kampen for kvinners likestilling vart viktig i andre halvdel av 1800-talet. Kvinnesaka vart fronta i litteraturen, i avisene og gjennom politiske aksjonar. Då ulike foreiningar for kvinners rettar vart danna på slutten av 1800-talet, vart kvinnekampen samla i ein brei front.

Bruk tidslinja (gjerne i fullskjermmodus) for å gjere deg kjend med kampen for likeverd og like rettar for kvinner i Noreg i perioden 1814–1913.

Kvinner i dag

I dag er det lett å ta for gitt at kvinner og menn har like rettar i samfunnet, men lenge fanst diskriminerande haldningar baserte på gamle sosiale kodar og sedvanar. Gjennom historia har ulike kvinner frå alle samfunnslag kjempa for likestilling på alle område. Kampen har vore langvarig og til dels brokete fram til vår tid, og ikkje utan frustrasjonar og latterleggjering frå menn med haldningar som at "sjelelivet til kvinnene ikkje skulle bli tilskitna med politikk og økonomiske spørsmål". Kampen held fram i vår tid.

Kvinnekamp for retten til arbeid

I den norske grunnlova av 1814 var spørsmålet om stemmeretten til kvinnene ikkje oppe til diskusjon sidan mannen vart rekna som overhovudet og formyndaren til familien. Gjennom store delar av 1800-talet heldt dette fram med å vere den vanlege oppfatninga i samfunnet.

Diskusjonen om enker og ugifte kvinners moglegheiter til å tene sine eigne pengar kom opp i 1840-åra i takt med aukande industri og tilstrøyming av menneske til byane. Frå 1844 fekk enker rett til å drive handel, og frå 1863 fekk ugifte kvinner rådvelde over eigen økonomi og sine eigne arbeidsforhold.

Sidan industrialiseringa av Noreg i andre halvdel av 1800-talet skapte nye arbeidsplassar, vart argumentet om ugifte kvinners rett til lønnsarbeid meir aktuelt. Kvinner i arbeidslivet braut kanskje med normer og førestillingar om kva som "sømde seg", men industrisamfunnet trong arbeidskraft på mange område. Likevel, viss kvinna vart gift, fanst det berre ein veg for henne: ansvar for barn og heim.

Arbeidarkvinner til kamp for levelege forhold

For mange kvinner i arbeidarklassen var lønnsinntekt nødvendig for å overleve, åleine eller for heile familien. I industrisamfunnet var det lenge vanleg å betale menn betre kvinner, uavhengig av om jobben var den same. Utnyttinga av kvinneleg arbeidskraft frå industrieigarane si side vart synleggjort med fyrstikkarbeidarstreiken i 1889.

Fyrstikkarbeidarstreiken 1889

Fyrstikkarbeidarstreiken i 1889 fekk stor offentleg merksemd. Streiken starta spontant som ein konsekvens av at bedriftsleiarane ville kutte i løna til dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane. Dei streikande kravde også at arbeidstida skulle senkast frå 13,5 til 12 timar dagen. Sidan arbeidet til kvinnene var å pakke fosforhaldige fyrstikker, vart dette også ein kamp mot dei helsefarlege forholda på fabrikkane.

Fyrstikkarbeidarstreiken blir rekna blant dei første arbeidskonfliktane i Noreg med fagleg organisering og streikeleiing. Streiken varte i seks veker, men vart oppløyst utan at nokon av krava vart innfridde. Ein viktig konsekvens av streiken var likevel at den kvinnelege fagforeininga vart stifta 28. oktober 1889 med Margrethe Vullum frå Norsk Kvinnesaksforening som leiar. Dagen etter vart den mannlege foreininga stifta, med fyrstikkarbeidar Johan Olsen som formann.

Dei kvinnelege fyrstikkarbeidarane fekk støtte frå mange hald. Blant fleire intellektuelle talte Bjørnstjerne Bjørnson varmt for saka til fyrstikkjentene. Det vart halde møte i Arbeidarsamfunnet, arrangert velgjerdskonsertar og samla inn pengar til dei streikande kvinnene.

Mange kvinner og jenter samt eit par menn står samla på ei slette. To faner blir haldne opp, der står det: "Hjelp de Streikende fyrstikpakkersker" og "Vi forlanger Kun Et øre mere pr Gros og bedre sanitere Forhold". Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvinner i litteraturen

Camilla Colletts (1813–1895) roman Amtmandens Døttre (1854) fekk folk til å opne auga for kva som rørte seg i "det kvinnelege sinnet". Boka er ein kritikk av kvinneidealet på 1800-talet, der kvinna skulle vere tilbakehalden og beskjeden og konsentrere seg om oppgåvene som hustru for mannen sin og mor til barna. I den litterære epoken realismen skulle romanen setje problem under debatt, noko Amtmandens Døttre absolutt gjorde. Rolla til kvinnene i samfunnets vart sett på dagsordenen i bøker, aviser og debattar i store delar av kulturlivet i tida som følgde.

Amalie Skram (1846–1905) førte vidare kritikken av kvinners levevilkår i forfattarskapen sin og synleggjorde dobbeltmoralen i det borgarlege samfunnet og kvinnesynet i samtida. Gjennom litteraturen og samfunnsdebatten fekk kvinnene ei stemme og moglegheit til å kjempe for meir styring over eigne liv.

Kamp mot prostitusjonen

Romanen Albertine av Christian Krohg (1852–1925) tok opp dobbeltmoralen i tida og utnyttinga av unge kvinner. Då boka kom ut i 1886, vart ho omgåande beslaglagd av politiet. Hovudpersonen i boka er ei ung og livsglad sypike som blir valdteken av ein politifullmektig og hamnar i prostitusjon.

Boka fekk stor merksemd i avisene og skapte debatt om den offentlege prostitusjonen og dobbeltmoralen hos menn som oppsøkte "offentlege fruentimmer". Den generelle oppfatninga var at prostitusjon var eit nødvendig vonde, men måtte regulerast for å hindre spreiing av kjønnssjukdommar. Reguleringa gjekk ut på at dei prostituerte vart registrerte, og ein til to gonger i veka vart dei kontrollerte for kjønnssjukdommar på kontoret til politilegen, den såkalla visitasjonen.

Kvinneforeiningar mobiliserte til kamp mot meldeplikta dei prostituerte hadde hos styresmaktene, og i 1888 avskaffa Stortinget visitasjonssystemet.

Til romanen Albertine har Christian Krohg måla ei rekke bilete som illustrerer ulike scener, som nedanfor der vi ser Albertine gå inn til politilegen.

Ei rekke kvinner i fargerike kjolar, kåper og hattar med fjør. Dette er slutten av 1800-talet. I bakgrunnen står ei kvinne i enklare klede og skaut framfor ein politimann. Ho er på veg inn ei dør der det står "Politilægen". Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norsk kvinnesaksforening

På slutten av 1800-talet vart kravet om stemmerett for kvinner ei kampsak for den gryande kvinnerørsla. Med utgangspunkt i diskusjonsklubben Skuld, ein klubb utelukkande for kvinner, vart Norsk Kvinnesaksforening stifta i 1884.

Ifølge formålsparagrafen skulle foreininga kjempe mot alt som "medvirker til å skape eller opprettholde holdninger, lover og bestemmelser som diskriminerer kvinner og hindrer kvinnefrigjøring og likestilling mellom kjønnene".

Den første formannen i foreininga, Hagbard Berner, vart raskt utfordra av meir progressive kvinner som ville ha fortgang i å få stemmerett for kvinner. Derfor vart Kvinnestemmerettsforeningen starta i 1885, med tidsskriftet Nylænde frå 1887 som det politiske talerøyret til rørsla. Kravet var full likestilling både økonomisk og politisk. Nokre av dei fremste kvinnene i denne kampen var Gina Krog (1847–1916), Betzy Kjelsberg (1866–1950), Fernanda Nissen (1862–1920) og Fredrikke Qvam (1843–1938).

Kampen for kvinneleg stemmerett

Stemmerett for kvinner på same vilkår som for menn vart første gong foreslått for Stortinget i 1886 av Viggo Ullmann og Ole Anton Qvam frå partiet Venstre. Det skulle ta nesten 30 år før kampen for kvinneleg stemmerett var vunne. Kvinnelege pionerar kjempa jamt mot fordommane gjennom desse åra. I 1901 vann rørsla sin første siger då kvinner med ei viss inntekt fekk stemme ved kommuneval. Dette gjaldt cirka 200 000 kvinner. I 1907 vart same ordning innført ved stortingsval. Allmenn stemmerett for kvinner ved kommuneval vart innført i 1910.

Samtidig mobiliserte kvinnene under folkeavstemminga om unionsoppløysing i 1905. Sjølv om kvinnene då ikkje kunne stemme, vart nesten 300 000 underskrifter samla frå kvinner over heile Noreg. Den vellykka kampanjen styrkte synet på kvinners rett til å stemme i befolkninga. Noreg innførte endeleg i 1913 alminneleg statsborgarleg stemmerett for kvinner, som det fjerde landet i verda. Unntaka gjaldt dei som fekk fattigstøtte blant kvinner og menn. Dette unntaket vart oppheva i 1919.

Dei politiske rettane til kvinnene var i hovudsak no sikra, og kvinnekampen vart etter dette ført på andre samfunnsarenaer der diskrimineringa heldt fram.

Kjelder

Lønnå, E. (2019, 10. april). Kvinners rettigheter i Norge fra 1814 til 1913. I Store norske leksikon. https://snl.no/kvinners_rettigheter_i_norge_fra_1814_til_1913

Duckert, H. (2021). Norsk kvinnehistorie på 200 sider fra forsørgde fruentimmer til skamløse jenter. Kagge forlag.

Skaarer, Å. C. & Kåss, I. W. (2019). De første feministiske gruppene: Skuld og Norsk kvinnesaksforening. https://www.kvinnehistorie.no/artikkel/t-1596

Sandnes, H. E. & Kåss, I. W. (2019). Høvdingen for stemmerettskampen: Gina Krog https://www.kvinnehistorie.no/person/t-1297

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper