Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonaldagen til samane sin 6. februar

Den 6. februar blir nasjonaldagen til samane markert. Samane kallar denne dagen Sámi álbmotbeaivi (nordsamisk) og saemiej åålmegebiejjie (sørsamisk). Dagen markerer det første samelandsmøtet som vart halde i Trondheim 6. februar 1917. Frå 2004 vart dagen offisiell flaggdag.
Mange menneske samla til fotografering framfor ein trebygning. Mange har samiske kofter på seg. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det første landsmøtet

I 1917 møttest rundt hundre sør- og nordsamar frå Noreg og Sverige i Trondheim. På møtet tok dei opp saker som var viktige for det samiske folket. Det kanskje viktigaste med møtet var å samlast som ei gruppe som kunne stille felles krav overfor styresmaktene. Saker samane tok opp, var mellom anna skulespørsmålet, om kva samebarna skulle lære på skulen, og reinbeitesaka, om beite i utmarka og kompensasjon for innskrenka beiteland.

Renberg og Mortensson

Dei to markante leiarfigurane på samelandsmøtet var Elsa Laula Renberg og Daniel Mortensson. Samekvinna Elsa Laula Renberg var oppteken av livsvilkåra til samane, oppvekstkåra til barna, opplæring på samisk og undervisning tilpassa samisk kultur. Daniel Mortensson hadde heile livet arbeidd for samerettar og var kanskje meir diplomatisk enn Renberg. Han var vidare meir oppteken av å fremme generelle krav enn å fronte særinteresser.

Flaggdag

I 1992 fastsette den 15. samekonferansen i Helsinki 6. februar som samisk flaggdag. Nasjonaldagen til samane vart første gong feira i 1993, med lokale markeringar og lokal flagging. 6. februar 2004 vart det samiske flagget heist utanfor Stortinget saman med det norske flagget. Dette vart starten på det som sidan er vorte ein offisiell flaggdag for både Noreg, Sverige og Finland. Når det er offisiell flaggdag, skal ein flagge med nasjonalflagget over heile landet, eventuelt saman med det samiske flagget.

I dag blir nasjonaldagen til samane markert i heile Noreg av barnehagar og skolar, og det blir flagga frå offentlege bygg.

Historiske bilete

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hans Nissen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2022

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper