Hopp til innhald

Fagstoff

Sterilisering av taterjenter

Korleis kunne ein fram til slutten på 1960-talet tvangssterilisere friske jenter med samtykke frå styresmaktene? Jentene var taterar og tilhøyrde ei gruppe som styresmaktene ikkje greidde å integrere i samfunnet. I det følgjande skal vi fortelje historia til nokre av desse jentene.
To søsken fra en romanifamilie i Surrey i England i 1964. Gutt og jente. En av dem holder en høne i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bøkene Romanifolket og det norske samfunn (red. Bjørn Hvinden) og En landevei mot undergang (Baastrup og Sivertsen) gir sterke skildringar av taterjenter som har opplevd uønskt sterilisering.

Nora

Nora var tolv år då ho vart sterilisert. Her er historia hennar:

Det var det at jeg led veldig av blærebetennelse som jeg hadde hjemmefra fordi jeg gikk barbeint i snøen. Så på skolen sa de at de skulle kurere meg for blærebetennelse. Og så ble jeg sendt ned til en doktor dagen etter. Det var en av lærerinnene fra skolen som fulgte meg. Jeg kan ikke riktig huske om det var på et sykehus eller på et legekontor. Jeg tror helst det var på et legekontor. Jeg fikk bedøvelse - narkose. Og doktoren klarte ikke å kurere meg for blærebetennelsen. Det var ikke det han gjorde, han tok og steriliserte meg isteden.... Jeg kom dit for å bli frisk av blærekataren.

Etter at de hadde operert meg sa de ingenting. … Jeg kom nå ut fra disse skolehjemmene etter nesten fire år, da. Og så traff jeg en gutt. Jeg var 17 år, og så forlovet jeg meg. Og ville gjerne ha en unge. Men så fikk vi ikke det. Så gikk jeg til en doktor i byen og sa at jeg gjerne ville ha en unge, men kom ikke på vei. …. Så undersøkte han meg da, og så sa han at det var ikke rart, for du er jo sterilisert. Han syntes det var rart - men gjorde ingenting. (Fobstad 2000.)

Etter mange år fekk Nora tilgang på dokumenta i saka si, som var i Riksarkivet. Der stod det ingenting om at Nora skulle steriliserast eller at ho vart sterilisert. Men i korrespondansen mellom pastoren i det lokale verjerådet og Norsk Misjon blant hjemløse som dreiv barneheimane, skriv blant anna pastoren at det burde setjast i gang tiltak overfor familien til Nora.

Det var kostbart for samfunnet å ha så mange barn i barneheimar. Men i heimane hadde ein kontroll over barna, det hadde dei ikkje så fort barna vart sleppte ut. Eit verkemiddel styresmaktene og kyrkja brukte, var å sterilisere barna/ungdommane før dei vart sleppte ut av heimane. På den måten unngjekk styresmaktene og kyrkja at personane dei såg på som utskot i samfunnet, formerte seg.

Då Nora som vaksen mottok dokumenta frå Riksarkivet, uttalte ho:

Jeg visste jo ikke hva sterilisering var! Jeg var tolv år da de gjorde det, og hadde ikke fått menstruasjon engang! Den fikk jeg den samme sommeren, mens jeg var på skolehjemmet. Jeg visste ikke hva det var for noe, engang. Så jeg forstår det ikke. (Fobstad 2000).

Laila

Laila var 4 år då ho vart fjerna frå foreldra og plassert på ein barneheim på Vestlandet. Kvifor ho vart teken frå foreldra, er ikkje kjent, og ein veit ikkje om åtskiljinga kom etter vedtak i verjerådet eller om misjonen handla på eiga hand.

Laila var 19 år då ho vart sterilisert, utan å vite det. Som mange taterbarn hadde ho levd store delar av livet på barneheim. Leira skuleheim var for vanskelege jenter i Strinda. Laila vart skildra som ei normalt gåverik jente. På skulen greidde ho seg godt, og ho utmerka seg i song og musikk. Den eldre søstera til Laila, som var etablert i trygge kår, ønskte å overta omsorga for lillesøstera. Men dette vart avvist av Norsk Misjon blant hjemløse.

Åndssvakeomsorga

Laila vart på slutten av 1940-talet utgreidd med tanke på plassering i institusjon under åndssvakeomsorga. På denne tida var det sterkt press på desse institusjonane, og det var dessutan kostbart. Men det fanst eit alternativ som ein meinte var både rimelegare for samfunnet og meir forsvarleg i samband med ei utskriving frå Leira skuleheim. Løysinga vart sterilisering, etter samråd mellom styrarinna ved heimen og Norsk Misjon blant hjemløse.

Steriliseringa

Laila vart ikkje informert om kvifor ho skulle gå gjennom ein operasjon. Men det vart sagt henne at ho måtte opererast før ho kunne bli utskriven frå skuleheimen. Også etter inngrepet vart ho sparsamt informert. Det einaste dei sa var at ho hadde menstruasjonssmerter som gjorde eit inngrep nødvendig. Laila opplyste at ho ikkje hadde nokre slike smerter.

Søstera til Laila vart heller ikkje informert om steriliseringa. Kva slags operasjon Laila hadde gått gjennom, fekk dei først vite etter at dei hadde kome i kontakt med ein sjukepleiar ved Strinda sjukehus, der inngrepet vart utført.

14 år kamp

Laila og søstera vart fortvila då det gjekk opp for dei kva som hadde skjedd. Den store draumen til Laila hadde vore å få eigne barn. Spørsmålet de no stilte seg, var kvifor Laila hadde vorte sterilisert. I løpet av dei neste 14 åra sende storesøstera tallause førespurnader til styresmaktene der ho kravde å få vite kvifor Laila vart sterilisert. Men styresmaktene nekta å opplyse om grunnen til inngrepet. I mellomtida gifta Laila seg og etablerte seg med mannen sin.

Det var først då søstera sette Dagbladet på saka etter 14 år, at styrarinna på skuleheimen og misjonen måtte komme med ei forklaring. Men dei hadde inga god forklaring på kvifor ho vart sterilisert. Den einaste grunnen dei kom med, var «pga. familiens habitus og forhold forøvrig».

Kor mange taterar vart steriliserte?

Både mannlege og kvinnelege taterar vart steriliserte i kjølvatnet av steriliseringslova av 1934, men kor mange det var, er det vanskeleg å berekne. Bastrup og Sivertsen bereknar i boka En landevei mot undergangen at så mange som ca. 500 taterkvinner vart steriliserte frå 1934 til 1970-åra. I den seinare tida har ein moderert dette talet noko. Men i denne saka er det vanskeleg å komme med taldata. Dokumentasjonen er ufullstendig, og det er eit svært betent tema for styresmaktene og kyrkja.

Kjelder:

  • Olav Rune E. Bastrup og Aage Georg Sivertsen En landevei mot undergangen. Universitetsforlaget 1996. s. 19–29.
  • Hjørdis Fodstad «Erfaringer fra tvangssterilisering og andre tap». I Romanifolket og det norske samfunnet (Bjørn Hvinden red.) Fagbokforlaget 2000. s. 141–143.

Artikkelen vart opprinneleg publisert på kildenett.no

Relatert innhald

I mellomkrigstida vart det utarbeidd ein sosialpolitikk som skulle kontrollere reproduksjonen blant «lågareståande individ».

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper