Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Planlegg eit Inn på tunet-tilbud på garden din

I denne oppgåva skal de finne ut kva som må til for å oppretta eit Inn på tunet-tilbod på ein gard.
Vedarbeid. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

De vil starta eit Inn på tunet-tilbod. Kva må til?

Bakgrunn:

Du og familien din får overta eller kjøpa ein gard med 30 mjølkekyr på bås. Det er berre arbeid til den eine av dykk i mjølkeproduksjonen, men de ønskjer at de begge vaksne kan få jobba der.

De ønskjer meir liv på garden, ikkje berre dyr, men også andre menneske. Begge føler at de har noko å tilføra andre, særleg dei som strevar på skulen, i arbeidslivet eller med ulike helseproblem, unge som gamle. Å starta med eit Inn på tunet-tilbod vil kunna gi dykk begge ein arbeidsplass på garden.

Jobb saman med minst éin annan om desse oppgåvene:

  1. Kva gruppe menneske (brukarar) vil de ta imot på garden?
  2. Kva treng de å tilføra garden eller endra på for å kunna gjennomføra dette? Tenk både på dyr, bygningar, maskiner og ting i det naturlege miljøet rundt garden.
  3. Korleis ser garden ut etter at de har starta med dei nye aktivitetane? Må de byggja på hus, byggja nytt eller forandra på korleis de bruker utearealet, for å kunna utvikla eit Inn på tunet-tilbod?
  4. Korleis vil de marknadsføra tilbodet dykkar?
  5. Kven skal betala for tilbodet de gir? (Kven er moglege kjøparar av tilbodet?) Sjekk ut kva ordningar som finst til støtte og liknande for brukarane dykkar.
CC BY-SASkrive av Anita Andersen og Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2018

Læringsressursar

Garden som arena for omsorg, læring og opplevingar