Hopp til innhald

Fagstoff

Garden som læringsarena for barn og unge

Alle barn og unge i Noreg går på skule. Skulen kan bestemme, saman med elevar og foreldre, at enkeltelevar eller grupper av elevar skal få tilbod om å få noko av undervisninga på eit gardsbruk.
Eit barn gnir hendene som er fulle av gjørme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læring gjennom praktisk arbeid

Garden som læringsarena legg grunnlag for fagkompetanse. På garden lærer elevane om mangfaldet i naturen, om økosystem og om livet til dyra. Respekt for natur og dyr står sentralt. Berekraftig utvikling og naturforvaltning er òg viktige sider.

På garden kan elevane dyrke poteter og grønsaker, sanke bær og lage mat av råvarer frå garden. Samtidig kan dei rekne, skrive, lage statistikkar, berekne og så vidare.

For elevane som tek del i pedagogiske tiltak på gard, er det gode høve for fysisk aktivitet. Forsking viser at fysisk aktivitet har positiv effekt på konsentrasjonen, hukommelsen og engasjementet i skulearbeidet.

Gardar som ønsker det, kan bli kvalitetssikra og godkjende som opplæringsarena gjennom Inn på tunet-ordninga. For å bli godkjende i denne ordninga må gardsbruket drive med aktivitetar eller produksjonar som eignar seg til læring, arbeidstrening eller rehabilitering av menneske, dei som tilbyr tenestene, må vere kvalifiserte, og omgivnadene må vere trygge og sikra mot ulykker.

Inn på tunet-garder er populære blant både skular og barnehagar.

Barnehagar besøker ofte gardar for å sjå på dyr og lære meir om husdyra våre. Små barn kan sjølvsagt òg få vere med på praktisk arbeid som dyrestell, fôring og innhausting.

Skulen bestemmer kven som får delta

Ein liten kjukling i barnehender. Foto

På ein Inn på tunet-gard kan både enkeltelevar, grupper og heile klasser delta i aktivitetar. Tilbodet skal tilpassast den enkelte eleven eller den enkelte klassen. Somme elevar er ein eller fleire dagar kvar veke på garden. Ein klasse kan til dømes ha undervisning i eitt bestemt tema i ein periode på IPT-garden, eller berre vere på gardsbesøk ein dag innimellom.

Ein raud traktor av eldre modell køyrer etter ein flokk kyr på ein gardsveg. Foto.

Eit gardsbesøk kan vere ein motivasjonsfaktor, medverke til at ein klarer å fullføre skuleløpet, eller ganske enkelt gi ein meir aktiv skulekvardag. Når skulen kjøper tenester frå ein godkjend IPT-tilbydar, inneber det at elevane får ta del i arbeid og aktivitetar på garden. Arbeidet skal vere knytt til faglege og sosiale læringsmål, skal vere innanfor rammene i læreplanen og koplast til kompetansemåla i læreplanane for faga.

Ei lita jente ligg i graset saman med tre grisungar. Den eine grisungen snuser på handa hennar. Foto

Mange skular kjøper IPT-tenester til spesialundervisning, men gardane er òg gode arenaer for heile klasser og grupper med allmennpedagogiske læringsmål.

Har du lyst til å ta imot besøk på garden?

Gut i Felleskjøpet-dress festar mjølkemaskina til spenene på ei ku. Foto.

Det kan vere ein god idé å starte med å ta imot besøk på skulegardsbruket saman med klassen din.

Tenk først gjennom kven de vil invitere på besøk. Kor gamle er barna, og kor mange er dei? Kvifor kjem dei til dykk? Vil dei lære noko spesielt, eller berre ha ei god oppleving? Deretter må de tenke over kva ressursar de har på skulegarden, og korleis de kan nytte dei for å lage eit godt gardsbesøk.

Det tek litt tid å planlegge ein slik dag, og det er mange ting å tenke på. Ikkje alt blir som planlagt når dagen skal gjennomførast, men hugs at øving gjer meister.

Hugselappen

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anita Andersen og Tone Olavsdotter Mosebø.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2017

Læringsressursar

Garden som arena for omsorg, læring og opplevingar