Opphald på gardsbruk kan gi betre helse
Vi treng mat for å leva, og på dei fleste gardar er produkta mjølk, kjøt eller grønsaker viktigast. Men for somme er det å la menneske ta del i sjølve prosessen eller produksjonen, og dermed gjera noko meiningsfylt, minst like viktig. Ein som er psykisk sjuk eller avhengig av rusmiddel, kan få hjelp til å verta frisk gjennom å ta del i dei daglege arbeidsoppgåvene på eit gardsbruk. Dette kan vera å delta til dømes i fôring og stell av dyra, gjera vedlikehaldsarbeid, jobba med planteproduksjon, hogga ved, dra på fisketurar eller gå i utmarka for å henta inn husdyra.
Når eit gardsbruk legg til rette for slikt arbeid, vert garden ein tilbydar av helsefremjande tenester.
Dagen vert lagt opp ut etter dagsforma til den enkelte brukaren. Oppgåvene vert tilpassa slik at brukaren skal oppleva at han eller ho lykkast med noko. Ei utfordring for mange av brukarane er at dei ikkje har nokon struktur på verken dagsrytme eller måltid.
Måltida på ein Inn på tunet-gard er kjempeviktige. Dei gir struktur til dagen og medverkar til ro og fellesskap. Brukarane lagar ofte maten dei skal eta, saman med gardbrukaren, dei dekkjer bordet og lagar ei hyggeleg ramme rundt måltidet, og dei får god tid til både å eta og snakka saman.
Mange som slit med rusmiddel eller store psykiske plager, kan ha glede av å vera på ein Inn på tunet-gard.
I tre år har Høgskolen i Hedmark forska på korleis opphald på gardar som driv med Inn på tunet og Grøn omsorg, verkar på ungdom som slit med rus og psykiske lidingar. Konklusjonen er at samspelet med dyr hjelper menneske som slit med rus og psykiske utfordringar, til å våga å stola på andre menneske igjen.
Fysisk arbeid gjer at ein vert meir fysisk sliten, men mindre psykisk sliten. Forskinga viser også at næringsrik mat og sosial kontakt er viktig.
Deltakarar på Inn på tunet-tiltak seier at dei opplever at aktivitetane på garden er meiningsfulle, fordi det er arbeid som faktisk må gjerast. Dei opplever anerkjenning for det dei gjer, og dei opplever verdigheit. Naturen, dyra og menneska på garden medverkar til dette.
Erfaringar med Inn på tunet innanfor rus og psykiatri:
• betre trivsel for brukarane
• betre fysisk form
• betre nattesøvn
• færre innleggingar på nytt på sjukehus
• mindre medisinbruk
• nokre kjem seg i utdanning
• nokre kjem over i ordinært arbeid
Dette fører til auka livskvalitet for den enkelte brukaren og sparer store kostnader for samfunnet.
Hugselappen
Helsefremjande faktorar
- deltaking
- meistring
- meiningsfylte arbeidsoppgåver
- kontakt med dyr
- fysisk aktivitet
- sunn mat
- samhandling med andre
- struktur på kvardagen
- fellesskap
- anerkjenning