Hopp til innhald

Fagstoff

Økosystemtenester – naturens gode

Omgrepet økosystemtenester fortel noko om korleis vi menneske er avhengig av at prosessar i naturen fungerer. Økosystemtenester er gode vi menneske får frå naturen.
Motorveg som går i ein liten tunnel med vegetasjon på toppen og gjerde langs kantane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FNs naturpanel (IPBES) rapporterer at naturmangfaldet forsvinn raskt. For oss menneske kan tap av naturmangfald vere katastrofalt.

Økosystemtenesta blir kategorisert i fire ulike kategoriar:

Støttande tenester

Støtta tenester frå økosystema er grunnleggande livsprosessar som er nødvendige for dei andre tenestene vi får frå naturen. I denne kategorien finn vi fotosyntesen, nedbryting av biologisk avfall og krinsløpa i naturen.

Forsynande tenester

Naturen forsyner oss menneske med ei mengde råvarer vi treng. Døme på forsynande tenester er mat via plantar og dyr vi kan ete, klede frå plantefiber og ull, ved til brensel og tømmer til bygging av hus. Vi hentar òg materiale til kunst og verkestoff til medisinar frå naturen.

Regulerande tenester

Naturen har ei rekke mekanismar som hjelper til med å stabilisere leveforhold på jorda. Vatnet sirkulerer og blir reinsa slik at vi alltid har tilgang på reint vatn. Røtene på tre og plantar bind fast jorda og hindrar erosjon. Nedbrytarar bryt ned avfall og produserer næringsrik jord. Pollinerande insekt sørger for god produksjon hos plantane.

Opplevings- og kunnskapstenester

Menneske i alle kulturar oppfattar naturen som verdifull knytt til opplevingar i naturen. Det er då snakk om verdiar knytte til rekreasjon, friluftsliv, grunnlag for naturbasert turisme, inspirasjon for kunst og kultur, åndelege opplevingar og informasjon, opplæring og forsking.

Fire boksar med titlane "grunnleggande livsprosessar", "forsynande tenester", "regulerande tenester" og "opplevings- og kunnskapstenester. I kvar boks er det døme på tenestene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økonomisk verdi av økosystemtenester

Vann som fossar utfor ein fjellskrent. Foto.

Verdien av økosystemtenestene kan av og til vere vanskeleg å forstå, spesielt sidan mange av verdiane ikkje så lett let seg måle økonomisk. Nokre økosystemtenester kan ein ganske lett setje ein kroneverdi på, til dømes veit vi kor mykje vi kan tene på å selje råvarer som tømmer. Men veldig mange av økosystemtenesta er det ikkje så enkelt å vurdere verdien av. Kor mykje kostar det samfunnet om myra blir erstatta med ein motorveg, til dømes? Samfunnsøkonomar jobbar hardt for å lage regnstykke som kan vise kor mykje naturens sine tenester er verde, slik at det skal koste utbyggarar å øydelegge natur. Dette er òg viktig for at politikarar og andre kan ta gode avgjerder i prosessar som vil påverke naturen og økosystema. Det er sett internasjonale mål for å ta vare på naturen vi har, og restaurere øydelagde naturområde. Hovudårsaka er at vi no veit at menneske er avhengige av økosystemtenestene. Jo mindre intakte økosystem vi har, jo større er moglegheita for at system kollapsar og ikkje kan gi oss det vi treng.

Omgrep

Økosystemtenester: gode og tenester naturen gir oss menneske. Blir òg kalla naturgode og bidraget til naturen.

Naturpanelet (IPBES): FNs naturpanel (The Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services). Det fremste internasjonale mellomstatlege vitskaplege organet som samanliknar og presenterer den globale vitskaplege ekspertisen på miljøfeltet.

Diskusjonsoppgåve

Har det vore diskusjonar/medieoppslag om utbygging av eit naturområde i nærområdet ditt? Kva er argumenta for utbygging? Kva er argumenta mot? Korleis kan utbyggaren redusere effekten av inngrepet i naturen?

Relatert innhald

Synet på om naturen har eigenverdi, ein verdi i seg sjølv, har endra seg opp gjennom historia.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022

Læringsressursar

Økologi og krinsløp