Hopp til innhald

Fagstoff

Stoffkrinsløpa og menneskeleg aktivitet

Menneskeleg aktivitet påverkar stoffkrinsløpa både ved at vi tilfører meir stoff enn det som er i omløp naturleg, og ved at vi tek stoff ut av krinsløpet. Dette kan gi ei rekkje negative konsekvensar. På sikt må balansen rettast opp att.
Traktor med sprøyte for kunstgjødsel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbrenning av fossilt brensel gir sur nedbør

Forbrenning av bensin og diesel gir utslepp av mellom anna nitrogenoksid (og svoveldioksid), som bidreg til sur nedbør. Sur nedbør gir nitritt og nitrat til nitrogenkrinsløpet. I tillegg fører sur nedbør til forsuring av vatn og jordsmonn, slik at viktige næringsstoff blir vaska ut av jorda.

På 1980-talet var problemet stå stort at 25 laksebestandar og 15 000 bestandar av innlandsfisk døydde ut. I delar av Aust-Europa opplevde dei massiv skogsdød på grunn av sur nedbør.

Ein båt kalkar ein innsjø. Foto.

Fordi vi har greidd å bli einige om internasjonale avtalar om å redusere utsleppa av gassar som gir sur nedbør, er problemet mykje mindre i dag. Likevel må vi framleis kalke vatn og vassdrag i delar av Noreg for å motverke skadar frå forsuring.

Overgjødsling gir avrenning av næringssalt

Ordet «overgjødsling» handlar ikkje om gjødsling slik vi tenkjer på det i samband med jordbruk. Overgjødsling handlar om at tilførselen av næringssalt som nitrat og fosfat er for stor til at alt kan bli teke opp av plantene. Dermed vil ein stor del av næringssalta bli vaska ut med regnvatn, renne ut i bekkar og elver og til slutt ende opp i havet. Dette kallar vi avrenning.

Næringssalta kjem frå kloakk, jordbruk og oppdrett

Figurane under viser samla utslepp av nitrogen og fosfor i Noreg over tid. Det er likevel store lokale variasjonar. På søraustlandet bur det mange menneske. Her kjem størstedelen av utsleppa av nitrogensalt frå avløp og jordbruk. Nord for Stadt er den største kjelda fiskeoppdrett. Sør i Noreg er tilførselen av næringssalt med havstraumane frå Europa òg betydeleg.

Bakgrunnsavrenning er den avrenninga ein forventar å finne i naturen utan påverknad frå menneskeleg aktivitet.

Overgjødsling gir algeblomstring og oksygenmangel

Grønt vatn i ein innsjø. Foto.

Næringssalt er naudsynte for god plantevekst, men for mykje næringssalt gjer at plantene kan ta overhand. Algar som lever i vatn, kan bli så mange at dei skyggjer for andre organismar.
For stor næringstilførsel kan òg føre til at planteveksten i vasskanten blir så stor at vatnet etter kvart gror heilt igjen. Dette kallar vi eutrofiering.

Nokre algar er giftige for andre organismar. Til dømes kan blågrønbakteriar produsere giftstoff som er skadelege for menneske.

Klimaendringar gir meir avrenning

I Noreg er det forventa at klimaendringar vil føre til meir nedbør. Meir nedbør gjer at meir av næringssalta i jorda blir vaska ut og endar opp i havet.

Milde vintrar fører òg til at jorda stadig frys og tiner. Dette kan føre til at strukturen i jorda blir øydelagd slik at jorda har dårlegare evne til å halde på næringssalta.

Kraftig regn over kløver og gras på ein jordhaug. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunstgjødsel og fossile brensel har gitt meir næringssalt i omløp

Kunstgjødsel blir mellom anna laga av nitrogen frå lufta, som i utgangspunktet ikkje er tilgjengeleg for planter. Bruk av kunstgjødsel har dermed gjort at nitrogen som ikkje er ein naturleg del av krinsløpet, har kome i omløp. Dette har òg bidrege til meir avrenning av nitrogensalt.

Brenning av fossile brensel gir utslepp av nitrogenoksid som etter kvart finn vegen til jordsmonn, elver og hav. Desse er òg eit nytt bidrag til krinsløpet sidan dei utan menneskeleg aktivitet ville ha blitt liggjande.

Relatert innhald

Kjelder

Miljødirektoratet, 31. mai 2019. Overgjødsling. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/forurensning/overgjodsling/

Folkehelseinstituttet, 1. desember 2015. Algeblomstring i vann. Henta frå https://www.fhi.no/ml/badevann/algeoppblomstring-i-vann/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Økologi og krinsløp